Violeta Mikkelsen går i tiandeklasse på Vinstra ungdomsskule, og i eit kurs dei hadde på skulen såg dei ein kortfilm der eit bilete som eigentleg ikkje er meint for fleire, blir delt på sosiale medier.

Konsekvensar

Elevane fekk i oppgåve å skrive om kva som skjedde dagen etter.

- Eg håpar folk tenkjer litt over konsekvensane det kan få om ein deler bilete på sosiale medier. I teksta mi ville eg vise litt korleis det var for båe personane,  både han som føler seg kul og viser fram biletet, og ho som det går ut over.

- Historia di sluttar utan at vi heilt veit korleis det går vidare, har du tenkt noko på kva som skjer vidare?

- Eigentleg håpar eg at ho jenta har mange vener omkring seg som støttar ho, og går imot han. Dette er nok ein ting som kanskje skjer dagleg, og det bør eigentleg stoppast, seier Violeta.

Det er ikkje eit tema som ho opplever at jamnaldringane tek opp så ofte sjølve, heller.

Violeta meiner at det kunne vore eit godt høve for skulen til å snakke om biletdeling og tematikken nå, sidan dei likevel har hatt ei oppgåve om det. Og at vaksne generelt kan snakke med ungdom om kva konsekvensar feil deling kan få.

Violeta er glad i å skrive, og sendte innlegget til Dølen etter å ha diskutert med mamma.

- Eg tykkjer det er artig at andre kan lesa det eg har skrive, seier ho.

Her er teksta til Violeta:

Neste dag

Mange sto i en ring framfor han. Han som hadde posta bildet. De syntes det var kult. Bildet hadde kommet til Facebook og Instagram. Men det gutten ikke visste, var at han skulle få konsekvenser.Ho satt i et hjørne og gråt. Ho hadde sagt ifra om det som hadde skjedd, men  var fortsatt redd. Redd for å ha mistet vennene på grunn av det. Redd for at det var delvis hennes feil. Ho visste hva konsekvensen hans skulle bli. Utvisning.