Kunstverket «The Road», laga av fotografen Lars-Andreas Tovey Kristiansen, vart torsdag avduka i Vinstra vegpark.

Det blå huset var heimen til Heidi og Rune og dei to døtrene deira, før planane om ny veg vart banka igjennom.

– Vi bygde huset i 1988, og fløtte inn i januar 1989. Innløysingsprosessen var ferdig rett før jul i 2011, og vi flytta inn i nytt hus i oktober i 2012, fortel Rune.

Smertefri prosess

Dei skryter av måten vegvesenet har handtert prosessen, og hjelpa dei fekk undervegs.

– Lønsamt vart det jo ikkje, økonomisk, men nå har vi eit hus der vi kan bu til vi "kjem på Sundheim", seier Heidi.

Dei vedgår at det var litt rart, kanskje særleg for ungane, som har vakse opp her, og har mange minne.

– Men minna sit jo ikkje i veggane, dei har vi jo med oss her, seier Heidi, og held seg på bringa.

Inn i bustadfelt

Det einaste dei har sakna er stallen.

– Vi har jo to jenter som har vore skikkelege hestejenter, og det er kanskje stallen som er det vi saknar. Ikkje huset, seier dei.

Flyttelasset reiste dei ikkje så veldig langt med. I luftline er det om lag 400 meter, over på andre sida av E6 og inn i eit bustadfelt.

Og litt av huset vart med. Verandaen som dei bygde året før huset vart innløyst, vart teke ned. Glas og dører likeeins, og litt gjenbruk har det vorte på garasje og uthus ved det nye huset.

Kunstverket i vegparken portretterar både deira og to andre hus som sto i vegen for vegen, med landskapet rundt. Saman med verk av tre andre kunstnarar, er The Road del av kunstprosjektet Hamskifte, som eit dokumentasjonsprosjekt i samband med vegutbygginga.

Torsdag vart kunstverket The Road avduka i Vinstra vegpark, i samband med sluttkonferansa for kunstprosjektet Vegskille. The Road er del av prosjektet Hamskifte, og var fyrst stilt ut på Lillehammer. Foto: Guro Vollen