Den offisielle opninga skjer over helga. Eigentleg hadde Anni Byskov ønskt at nokon annan skulle ta ballen. I staden har ho nå to avdelingar under Annis pølsemakeri i Ringebu; den eine i mathallen i Oslo, den andre vegg i vegg med pølsemakeriet i Vålebrua.

Med navn i tråd med at det enkle er ofte det beste.

– Annis eller Hos Annis, nå er jo det navnet så innarbeidd, så det treng vi ikkje gjera vanskelegare, seier ho.

Og folk har ete hjå Anni før også.

– Dei to borda i butikken var eit kompromiss for etterspørselen. Nå er det veldig godt å ha kome så langt som vi er, seier ho.

Prøvekjøring

For nye folk er tilsett, og restauranten vart nyleg prøvekjørt med publikum i høve ein jubileumsfest. Med sitteplassar til 66-70 og interiør som er alt anna enn tilfeldig.

Når dørene opnar for publikum er det meininga å halde ope kvar dag.

– Med maten som hovudfokus?

Ho dreg litt på det; maten er viktig, men Annis har tankar for meir enn berre maten.

– Det skal absolutt vera god mat, men eg tenkjer at omgjevnadene og alt skal vera koseleg saman, at dette skal vera ein plass der folk skal trivast, seier ho.

Rom for det meste

Fyrst ut på scena i lokalet er Randi Marie, som skal ha releasekonserten sin her, berre dagar etter opninga.

Peter Syrtén er ein av kokkane som er nytilsett, og saman med mellom andre Anne Ånsløkken, som har jobba som kokk i pølsemakeriet i sju år, og Marcus Bekkemellem, lærling frå opplæringskontoret Brimi-kjøken, kan Anni snart sjå enden av eit ganske omfattande prosjekt.

– Vi har fått «rydda opp litt» i heile huset, fått til nytt ventilasjonsanlegg og større plass. Det kunne kanskje vore enklare og rive alt og starta på nytt, men da burde eg gjort det for mange år sidan, seier ho.

Kostnaden meiner ho kjem til å bikke sju millionar kroner.

– Og med lokale handverkarar - det er viktig, seier den nye restauranteigaren.

Anni Byskov (tv.) har med Anne Ånsløkken frå pølsemakeriet vegg i vegg, lærling Marcus Bekkemellem og kokk Peter Syrtén i teamet, som også teller fleire medarbeidarar. Foto: Guro Vollen
Fyrst kom andre og hinta om restaurant, så tenkte ho alvorleg over det sjølv, og for eitt og eit halvt år sidan vart planene om spiseplassen ved sidan av pølsemakeriet kjent. Over helga opnar staden offisielt. Alle foto: Guro Vollen