Når han og familien om nokre veker reiser til Cuba, tek han derfor med seg brukt utstyr til synstesting og både nye og brukte briller.

–Eg har vore i kontakt med den cubanske ambassaden i Norge, og dei vart interessert med ein gong, og ville setja meg i kontakt med ein organisasjon der, som til helst skal møte oss på flyplassen, fortel de Jong.

Til nytte

Rob har 28 år i Nederland og 11 år i Norge bak seg som optikar, og opplever at systema er heilt tullete når det gjeld bruk og kast.

– Det blir alltid til overs briller som folk byttar ut, og brilleinnfatningar blir umoderne og går ut av sortimentet, seier han.

Brillene det er snakk om er heilt brukbare og han tykkjer det gjev meir meining å levere dei vidare til folk som har bruk for dei, enn å kaste.

– I Nederland samla eg alltid inn briller, og der vart dei sendt til Ghana. Etter at eg kom til Norge var eg med og samla inn når Lions tok med optikar-utstyr til Uganda, fortel han.

Lite nettbasert

Nå er det Cuba som er målet, og forskjellen denne gongen er at han nå får høve til å levere varene sjølv.

– Eg er veldig spent på korleis ting fungerer på Cuba når det kjem til fagfeltet mitt, seier han.

Det har ikkje vore lett å finne informasjon på førehand, har han oppdaga. Internett er veldig sparsamt utbygd i landet, og den informasjonen han har funne er via reisebloggar frå folk som har vore der på reise, stort sett.

– Eg veit via det eg har funne at det er eit slags rasjoneringskortsystem på Cuba, på forskjellig utstyr, men eg veit ikkje om det gjeld briller, seier han.

Rom for småbedrifter

Det økonomiske systemet på Cuba har i det siste fått visse opningar for private verksemder, men han veit ikkje om det fins optikarar på same måten som her.

– Eg møter ikkje cubanske optikarar på messer, akkurat, seier han.

Han gler seg til å finne ut av det.

– Eg ser det blir vanskeleg å få greie på så mykje før eg kjem dit, seier han.

Tek gjerne imot

Om nokon i Ringebu eller omkring har briller til overs, tek Rob gjerne imot og tek med.

– Briller og innfatningar er så enkle å få med, dei kan pakkast tett og tek ikkje så stor plass, så vi tek imot om du har, seier han.

Det må sjølvsagt vera ein viss tidsfrist. Sidan alt også må pakkast har han sagt at briller kan leverast fram til 1. desember. Det er ei veke før avreise til Cuba, og møte med organisasjonen ICAP, som står for noko slik som «Det kubanske institutt for venskap mellom folka».

– Det var den cubanske ambassadøren som sette meg i kontakt med organisasjonen, og dersom dette blir vellykka, kan eg kanskje få til ei ordning som eg kan halde fram med, seier han.

Oppfordrar andre i bransja

Norges optikerforbund er også bedt om å informere medlemmar over heile landet om innsamlinga.

– Vi i Norges Optikerforbund er ikkje direkte involvert i slike aksjonar blant medlemmane, men vi informerer om ulike prosjekt, seier Dag Øyvind Olsen, informasjonsmedarbeidar i forbundet.

Han forel at fleire av medlemmane er med på ulike prosjekt, oftast i regi av kjedene.

– Det blir kanskje litt ekstra bagasje, men det går bra, seier Rob.

Frå eigen butikk har han med bortimot 300 briller, mellom anna barnebriller. Dei fleste av dei er ikkje ein gong brukt. Det håpar han skal endre seg.

– Det er ein dråpe i havet, men det kjennes meiningsfullt, seier han.

nye: Barnebriller, heilt nye, er pakka med i sendinga som skal bli med til Cuba. Foto: Guro Vollen
Pakkar: Det går fint an å få med mange briller - om ein pakkar tett i små esker. Foto: Guro Vollen