Ho er den nye eigaren av Jarles Blomster i Ringebu, sidan fyrste november. Nå står ein travel sesong for døra.

Bakgrunnen din er allsidig?

- Ja, eg har prøvd litt av kvart, har vore lærar, kontorassistent, ja til og med drive med telefonsal. Og så har eg mange år bak meg i Interflora, og det er akkurat det som ligg hjertet mitt nærast.

Har du utdanning som blomsterdekoratør?

- Eg har faktisk ikkje fagbrev, men eg har vel 20 års erfaring. Eigentleg er eg utdanna i bedriftsøkonomi. Og det kan jo koma godt med i fleire samanhengar.

Framleis står det Jarles blomster over døra, det vil kanskje endre seg?

- Ja, Jarles er det nok ennå på folkemunne, eg forandrar det til Ninas blomster etter kvart, men store omveltningar ellers blir det ikkje. Eg tek litt etter litt.

Kva blir annleis hjå Nina?

- Eg vil jo gjera ting på ein litt anna måte, kanskje blir det litt meir på gaveartiklar, kanskje litt forandring i innredning og interiør, men det blir ingen revolusjon. Alle som er innom dørene her kjem til å kjenne seg att også i vekene som kjem.

Og det var litt tilfellet som gjorde at du havna her?

- Ja, eg såg annonsa til Jarle på Finn, og sidan eg alltid har hatt lyst til å bu i Gudbrandsdalen og også ønskte meg eigen butikk, så var det eit heldig slumpetreff.

Kvifor dette ønskjet om å bu i Gudbrandsdalen?

- Eg tykkjer naturen her er så fin, og har feriert her i alle år. Det er så flott her. Dessutan er eg ei skikkeleg bygdemenneskje, kunne aldri hatt blomsterbutikk i ein storby. Dermed passa landsbyen midt i blinken, slik sett.

Kvar kjem Nina frå?

- Eg er hedmarking, frå Odalen, i nærleiken av Skarnes.

Korleis har du vorte motteke i Ringebu?

- Det har vore så mykje hyggelege folk innom, og det må eg verkeleg få rose folk her for. Eg har fått ei skikkeleg varm mottaking, og føler meg så velkomen, det er triveleg.

Blomar er til sals mange andre stader enn hjå blomsterhandlaren; korleis ser du på framtida?

- Eigentleg trur eg folk er litt mer bevisste og litt lei av store kjøpesentra. Eg trur sansen for små nisjebutikkar etter kvart er aukande. Dessutan er det ikkje alt daglegvarebutikken kan levere. Som krans til ei gravferd, slike ting.

Kva med syslar utanom butikken, har du tid til andre aktivitetar?

- Ja, eg var jo faktisk på mitt fyrste møte i Bygdekvinnelaget førre veka. Det var ein fresk gjeng med damer, veldig triveleg. Men ellers er det fullt opp med butikken, der vi går mot ein travel sesong.

Så det blir ingen fritidsproblem?

- Nei, eg ser ikkje for meg skal bli noko problem å ha noko å finne på. Samstundes er det sjølvsagt viktig med noko anna å halde på med enn jobb, tenkjer eg. Så kanskje det blir meir høve til det når eg kjem litt inn i tralten her.