Saman med Håkon Sveen dreg han i gang 2. desember, i lokala til Ødegården bakeri.

– Vi har jo snakka om å gjera noko saman i 40 år, og nå blir det, seier Sund, som legg til at han hadde Sveen som elev på gitarkurs den gongen.

Godt stemt

Sveen på si side kan stadfeste kursinga, og har gitaren ennå.

– Eg har same gitaren. Øyvind stemte han den gongen, og han held ennå, seier Sveen med eit glimt i auga.

Laurdagskonsertane, som er tenkt arrangert kvar andre laurdag i månaden framover, håpar Øyvind Sund at fleire melder seg på for å bidra til.

– Det blir lågkost- og lågrisikotiltak, så vi skal ikkje setja nokon i gjeld eller søkje om underskotsgaranti, seier han.

Dei som er med må derfor ta det dei får, etter oppmøte.

– Vi spelar for hatten, seier han.

Sund meiner visesangen trivs i slike små, intime lokale, og bakeriet i Nedregata har enda ein bonus.

– Det er einaste staden her med slik type lokale, litt for seg sjølv utan uroa frå andre butikkar rett utanfor, seier han. Han håpar det kan bli vinn-vinn for både bakar og artist.

Nye stemmer

Han har ikkje tenkt å stå for musikken sjølv heile vegen, men ønskjer at det skal bli ein stad der nye og ukjente skal bidra. Sjølv vil han agere som innpiskar. Eldsjel er han for gamal til å kallast, påstår han.

– På ein måte er dette litt for å gje noko attende til Vinstra. Eg fartar framleis mykje rundt i heile landet og spelar, men det er her eg bur, og eg har sakna ein slik arena her, seier han.

Visesjangeren er på ingen måte borte, meiner han, men manglar arenaer for å vera synleg, på mindre stader.

Med viser til Vinstra

Det er over førti år sidan Sund slo seg til på Vinstra, som den gongen hadde eit aktivt visemiljø med visefestival og arrangement i samband med Per Gynt-stemnet. Han meiner det er ein av dei viktigaste årsakane til at det vart Vinstra, og nå vil han gje litt attende.

– Sjølv om eg ikkje kan kalle meg gudbrandsdøl, er eg vinstravær, seier han.

Derfor legg han ned hatten og plukkar opp gitaren, fyrst ut saman med Håkon Sveen.