Tori frå Skåbu skal definere pedagogisk entreprenørskap for UDIR

Skåbumodellen til folket

Framtidas skule er i støypeskeia, med revisjon av læreplanverket Kunnskapsløftet. Stikkordet er pedagogisk entreprenørskap. Og det er framtida, skal vi tru denne dama frå Skåbu.

Ambassadør Tori Virik Nøvik skal på sett og vis gje definisjonen på pedagogisk entreprenørskap, når ho neste veke skal halde foredrag på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet (Udir). Dessutan skriv ho på lærebok i emnet, som kjem til sommeren. Foto: Elevar ved Skåbu oppvekst

Nyheter

Tori Virik Nøvik er lærar ved Skåbu oppvekst, og er etter kvart ein ettertrakta ambassadør for pedagogisk entreprenørskap, ein læringsstrategi Skåbu oppvekst har nytta i fleire år.

– Mange tenkjer elevbedrift når dei høyrer entreprenørskap?

– Ja, dessverre, har eg nær sagt. Elevbedrift har nesten vorte einsbetydande med entreprenørskap, men dette er berre ei av mange metodar innan læringsstrategen, så det er heilt klart forvirrande.

– Du er med i ei nasjonal gruppe på om lag 100 pedagogar og fagfolk, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet?

– Ja! Og det tykkjer eg er ganske så stas, at vesle Skåbu får vise fram korleis vi jobbar. Samstundes er det i overkant spennande å få lov til det. Entreprenørskap har vore på plass i planverka til skulen sidan 1999. Nå kjem krav frå regjering og Storting om at det skal inn på ein tydelegare måte. Neste veke skal eg altså halde foredrag for direktoratet og desse faggruppene. Det er viktig at alle har ei felles forståing for kva entreprenørskap er.

– Men kvifor er det så viktig?

– Dei unge nå skal leve og arbeide i ei framtid vi ikkje kjenner, der alt vi veit er at samfunnet vil vera i rask endring. Det er store globale utfordringar, som krev kompetanse. Som evna til å tenkje nytt og innovativt, evna til å sjå moglegheiter og løysingar, evna til å utforske, ta risiko, ha kritisk sans og vere endringsvillig. Å søke og anvende «sikker» kunnskap, evna til å samarbeide, bygge nettverk, respektere andre og stå i vanskelege situasjonar. Pedagogisk entreprenørskap styrker elevane sine kompetansar på desse felta gjennom arbeid med læringsmåla i fag. Karakterar og kunnskap er viktig, men i framtida vil personlege eigenskapar og evna til å finne og anvende kunnskap blir viktigare enn å reprodusere kunnskap. Dette må skulen ta på alvor.

–Kan det bli vanskeleg å få implementert dette i skulane?

– Hovudutfordringa er at ei heil yrkesgruppe må endre praksis. Læraren som forklarar ved tavla og bestemmer metode og oppgåver får nok mindre plass, og det syner forsking at mange tykkjer er vanskeleg. Mi erfaring er elevar som blir meir motiverte nettopp fordi dei får ta kontroll over retning og innhald i eiga læring, og at dei dermed lærer meir og hugsar betre.

– Skåbu oppvekst er ein liten skule. Har du erfaring med dette frå større skular?

– Ikkje frå eiga undervisning, men vi har utveksling med ein skule i London med 1900 elevar. Dei har kome lenger enn oss med dette i all undervisning, og er blant dei 15 prosent beste skulane i England resultatmessig. Eg tolkar det til at det både er fullt mogleg på store skular, og at det gir godt læringsutbytte.

– Du arbeider også med ei lærebok om dette temaet?

– Ja, eg og ein professor på området driv med ei lærebok for lærarar og lærarutdanninga om pedagogisk entreprenørskap i praksis, og får mange praksiseksempel frå Skåbu oppvekst.

– Du vart foreslått til desse faggruppene som Udir har sett ned, korleis kom du med?

– Så vidt eg har forstått, er det nokon frå KS som har foreslått meg.