Hoppbakker er kanskje ikkje det ein ser mest av på dei ulike salsgruppene på facebook eller finn, men i Ringebu bur ein kar som har nettopp hoppbakke til sals.

Sommar som vinter

Lars Tybring bur i Vålebrua, og nå vurderer han i samråd med familiens tre barn, og brukarar av hoppanlegget, å selja bakken.

- Eg har allereie vore kontakta av ulike klubbar og idrettsanlegg, som gjerne vil ha tak i bakken, seier han.

Sjølv har han hatt bakken i om lag eit år, og den har vore i stadig bruk.

- Naboen stirra kanskje litt ekstra inn i hagen når han såg ungane i slalomutstyr og hjelm - og med shorts - kjørte i bakken i sommar, seier han.

Ikkje standard leikeapparat

Kunstgras i unnarennet gjer at snøfall ikkje er eit must. Dessutan er bakken, som er klassifisert som ein K3-bakke, godkjent for både konkurranse og til trening for yngre hopparar av Norges skiforbund.

Haldbarheita skal også vera brukbar - med sjøbestandig aluminium og rustfrie skruar burde det vera mogleg å få fleire årgangar skihopp-rekruttar til å bruke anlegget.

- Ikkje akkurat eit leikeapparat i standard byggvaresortiment?

- Nei, det kan du si. Det er eit sprang frå trampoline. Litt tilfeldig var det at eg såg det til sals, og tenkte at det hadde jo vore artig. Nå har vi også hatt skikkeleg store hoppeslott også, så det har vore populært å leike i hagen her, seier han.

- Kva med bakkerekorden?

- Nei, det har vi aldri målt! Her har det berre vore for moro, seier Lars Tybring.