Tretten bilar frå Ringebu kommune, elleve av dei splunka nye, rullar inn på parkeringsplassen ved Kaupanger. Eit gruppebilete er på sin plass, når kommunen sparar både miljø og pengepung med ei ny leasingavtale for bilparken.

Ny avtale

Tretti centimeter nysnø er i ferd med å omdannast til is, og rause regndråpar møter bakken.

– Det kan vi kanskje tolke som eit teikn på at det var på høg tid, seier miljøfyrtårnansvarleg i Ringebu kommune, Olav Brandvol.

Tal frå Energi og klimaplanen til kommunen viser at transport utgjer cirka 40 prosent av klimautsleppa i kommunen.

– Det syner at transport er eit viktig område, og kommunen bør gå framom som eit godt eksempel når det gjeld klima, seier Brandvol.

Innsparing

Alle dei nye bilane er ladbare, det vil seie at dei er enten heilelektriske eller hybrid-bilar. Frå før hadde helsetenesta to ladbare bilar.

I tillegg til å spare miljøet var desse bilane som ein bonus også billigere å lease, enn fleire eksos-bilvariantar.

– Kva vil kommunen spare i drift av bilane?

– Om ein reknar etter snittet på køyrelengda på bilane kvart år, vil det vera betydeleg, seier Brandvol.

– Dersom alle dei 13 bilene hadde vore heilelektriske ville innsparinga grovt rekna vorte 186 000 kroner årleg, men ti av dei er hybridar.

Fleire faktorar

Han har også rekna ut at kommunen med dei nye bilane vil spare utslepp på 14.5 tonn CO2.

– Dette er litt usikre tal, og det er mange faktorar vi ikkje kjenner per dato, seier han.

– Men det skal bli interessant å følgje både utgifter til drivstoff og ikkje minst strømmålarar i tida framover, seier Olav Brandvol.

Gå framfor

Ringebu kommune er ei av svært få kommunar med Miljøfyrtårnsertifisering i alle dei 15 verksemdene, og transport er også eit viktig deltema her.

– Det var difor naturleg å legge vekt på miljø då vi skulle teikne nye leasingkontrakter for fem år i haust, seier han.

Bilane får opplading i 12 nye 22kW semihurtigladarar, som er sett opp ved Ringebu eldresenter, Linåkertunet og Helsesenteret.

Her står dei 13 bilane som skal sørge for at Ringebu kommune reduserer utsleppet av co2 med 14.5 tonn kvart år. Foto: Guro Vollen