Dette stadfester Monshaugen sjølv i ein sms og rådmann i Sør-Fron, Jan Reinert Rasmussen, til Dølen torsdag morgon.

Lærarane ved Sør-Fron ungdomsskule skal ha fått beskjed om oppseiinga same dagen, altså måndag, og etter det Dølen kjenner til er elevane og foreldre også informert.

- Lærarane vart orientert på måndag ja, men kva som seinare er orientert om frå skulen si side veit ikkje eg, seier rådmannen.

- Kva gjer Sør-Fron kommune nå?

- Vi har ein tilsett som har sagt opp jobben sin, han har tre månaders oppseiing. Så må vi sjølvsagt førebu å lyse ut stillinga, og finne ei overgangsordning, seier Rasmussen.

Samtale med kommunalsjefen

Rådmannen vil ikkje gå inn på bakgrunn for oppseiinga.

Beskjeden foreldre til elevar på ungdomsskulen fekk i går, var at rektor har sagt opp stillinga si, og vil slutte innan stutt tid.

- Pedagogisk rådgjevar Jorunn Jorunn Haverstad kjem til å fungere som rektor i mellomtida, seier Jan Reinert Rasmussen.

- Vil Monshaugen jobbe ut oppseiingstida si?

- Monshaugen kjem til å ha ei samtale med kommunalsjefen i morgon, for å setja på plass detaljer, meir kan ikkje eg seie til deg, seier rådmannen.

Måndag kjem formannskapet i Sør-Fron til å få ein sak frå administrasjonen om å lyse ut stillinga som rektor.

Jon Monshaugen har vore rektor ved Sør-Fron ungdomsskule sidan 2015.

Saken er oppdatert.