Heider til Høystad

Einar Høystad frå Ringebu fekk overrekt heider under Ringebu Rotaryklubb sitt 50-årsjubileum.

Wictor Sandvold festar jakkeknappen på Einar HøystadFoto: Privat

Nyheter

Einar Høystad vart nyleg tildelt heidersteiknet PAUL HARRIS FELLOW, som er ei utmerking frå Rotary.

Høystad får utmerkinga for arbeid innan ulike område, som utviklingsarbeid for FN’s landbruksorganisasjon FAO, som valobservatør for FN i til dels farefylte oppdrag i Namibia, Haiti, El Salvador, Kambodsja og Nicaragua. Han har hatt fleire oppdrag for Norges Vel i Latin-Amerika, og fleire oppdrag i Mali og i Bhutan. Videre er han heidra for arbeidet sitt i Ringebu-samfunnet i ulike roller, til dømes ved asylmottaket, i stiftinga for Ringebu prestegard og i Ringebu historielag. Utdelinga fann stad under 50-årsjubileet til Ringebu Rotaryklubb, og jakkeknappen vart festa av guvernør Wictor Sandvold.

Paul Harris Fellow (PHF) er ei utmerking oppkalla etter stiftaren av Rotary, Paul Harris. PFH blir delt ut som heidersteikn for samfunnsgavnleg innsats. Rotary er ein upolitisk, humanitær, frivillig organisasjon stifta i 1905.