Kvart år - det 24. på rad i år - har musikk- og danselina på Vinstra vidaregåande skule sett stemninga for førjulstida. Nok ein gong er forventningane store, og nok ein gong er forventningane oppfylt og vel så det.

God start på julemånaden

Når vi går ut etter konserten med Alta Trinita Beata som følge, er det med ei heilstøpt og solid framsyning med høg kvalitet vi hugsar. Dei einskilde numra er utruleg imponerande kvar for seg. Likevel er det lett å trekkje fram ein fantastisk versjon av Golden Ticket - i eit nummer som også har integrert dansekoreografi - som eit av fleire  høgdepunkt, men med ein overraskande vri.

Låten til Highasakite, verdsstjernene frå Norge med to tidlegare elevar frå musikklina som medlemmar, er her arrangert for eit ensemble med trekkspel, gitar, bass og slagverk. Det er langt unna synth-elektronikken til originalen, men saman med stemmene til Kjersti Hareland og Martin Steinum Brun blir det eit heilt nydeleg nummer.

Det må også nemnast at heile arrangementet er organisert av elevane sjølve. Øvingar på førehand, marknadsføring og produksjonen i det heile tatt - alt er teke i vare av eit ensemble som verkar profesjonelle til fingerspissane.

Takk for nok ein gledeleg start på førjulstida, ei sikker oppskrift for å starte den travle månaden med varme til hjartet, ro i sjela og tankane høgt oppunder taket med tonane og dansen.