Frå å vera eit kjøpesenter forvalta under senterkjeda AMFI, blir Sødorptunet kjøpesenter lagt under Coop Innlandet, når dei tek att styringa sjøl. Det er Coop som eig bygningsmassa, og senterleiar Anne Marie Olstad trur dette er ei bra utvikling for senteret.

- Coop Innlandet er nærare og det er også fleire butikkar med coop-tilknytning i senteret. I tillegg er dei sterkt involvert på båe sider av Vinstra, og det trur eg er positivt, seier ho.

Lite synleg endring

Det skal etter det senterleiaren trur ikkje bli endringar som leigetakarar eller kundar kjem til å merke noko til.

- Vi har aldri vorte heilt omprofilert til Amfi, og har også marknadsført oss som Sødorptunet heile tida. Så den store forandringa blir det ikkje, seier ho.

- Du er ikkje redd Coop Innlandet skal velja å konsentrere verksemda si på andre sida av elva, da?

- Nei, eg vel å tru at dei har interesse av å ha eit senter her. Dei eig jo bygningsmassa, og har jo slik sett interesse i det, seier ho.

Skal vera på båe sider

Det stadfester administrerande direktør i Coop Innlandet, Olav Rønningen.

- Det er ikkje dramatikk i dette, i endringa ligg det at Coop Innlandet tek att det direkte ansvaret mot leigetakarane og drift av senteret. Det er Coop Norge eiendom som kjem til å stå for forvaltninga, seier han.

Sødorptunet er eigd 50 prosent av Coop Innlandet og 50 prosent av Coop Norge Eiendom.

- Med Coop på båe sider av Laugen på Vinstra, tenkjer de å konsentrere verksemda på ei side etter kvart?

- Nei, vi skal vera på båe sider. Sødorptunet har ei rolle som nærsenter for Vinstra sentrum, medan Extra er etablert som konkurranse i Lomoen og Coop Bygg også som ein destinasjonshandel i Gudbrandsdalen, seier Rønningen.

Oppgraderer matvarebutikken

Rønningen seier dei er glad for å ha fått på plass att Anne Marie Olstad som senterleiar, etter at det ei stund har voe delt funksjon med felles senterleiar på Sødorptunet og Amfi Otta.

- Kva med Coop si daglegvare på Sødorptunet, vil det framleis vera same type butikk?

- Vi har ikkje planer om å endre konsept der, men det vil bli ei oppgradering av lokala, som trengs, seier han.