Høvet var ein ferietur med familien før jul. Rob oppretta kontakt med den cubanske ambassaden og fekk klarsignal derifrå. Etter artikkelen i Dølen og kontakt med kolleger via Norges optikerforbund, var responsen stor.

- Førre laurdag tok eg turen einkomst til Oslo og fekk levere kassene med briller og utstyr, slik at dei blir sendt direkte til Cuba, seier han.

Les den fyrste artikkelen under:

Planen var at familien skulle ta med seg utstyret sjølve, som ekstra bagasje, men responsen frå folk gjorde at det rett og slatt vart for mykje å ta med på flyet.

- Responsen nå gjer også  at eg kjem til å halde fram med å samle inn etter vi kjem att, seier Rob.

Han er spent på møtet med Cuba og korleis det står til på fagområdet hans. Han er også veldig glad for responsen han fekk, som gjorde at det nå vil bli levert 400 briller, alt i alt. I tillegg til synstestingsutstyr.