Fleire lokale matprodusentar og reiselivsbedrifter skal delta på messa i Berlin på nyåret. Dei skal vere ein del av Fjell Noreg sin stand.

Fisk frå Espedalen

Frå Midtdalen skal Jotunheimfisk frå Espedaen, ved Lars og Linda Eggen vere med. Dei vidareforedlar villfisk frå Espedalen. Elles av matprodusentar, skal Stensgård/Billingen Seterpensjonat i Skjåk delta, samt Moe Gard i Øyer. Tre bedrifter skal representere reiselivet i Gudbransdalen. Den eine er Ruten Fjellstue i Espedalen, ved Berit og Arthur Bredli. Ruten er ei tradisjonell fjellstove, med mykje lokalprodusert mat på menyen. Brimi Sæter i Lom med til Berlin, og Nasjonalparriket Reiseliv.

– Fjell Noreg si deltaking på messa er ei viktig strategisk satsing for auka verdiskaping innan mat og oppleving, sier dagleg leiar Anette Svastuen i Gudbrandsdalsmat.