- Det er viktig å bygge ut nye motorvegstrekningar for betre framkome og styrking av trafikktryggleiken. Samstundes er vi opptatt av å få mest mogleg veg for pengane. Innspel frå Statens vegvesen og Nye Veier AS tidligare i år viste at det er mogleg å redusere kostnadane med så mykje som 30 prosent i utbygginga av E6 Ringebu-Otta. No ber vi Statens vegvesen om å vurdere desse innspela og kome med ei tilråding om vidare framdrift, uttaler samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Piroritert, men ikkje finansiert

Prosjektet E6 Ringebu-Otta etappe 2 er prioritert i Nasjonal transportplan 2018-2029 (NTP), men ikkje fullfinansiert. Etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet viste både Statens vegvesen og Nye Veier AS at det er mogleg å finne ulike løysningar som gjer vegen billigare å bygge.

No skal Statens vegvesen sjå på desse alternativa og kome med ei tilråding om vidare prosess for planlegginga av prosjektet. I innspela frå både Statens vegvesen og Nye Veier, blir tidleg involvering av entreprenørane trekt fram som eit viktig element for å få ned kostnadane.

- Nye Veier AS har i sine prosjekt så langt vist at tidleg involvering av entreprenørane gir moglegheit for å redusere kostnadane på vegutbygging betydeleg. I tillegg meiner selskapet at metodikken gir raskare ferdigstilling, redusert konfliktnivå og meir føreseieleg sluttkostnad, utan å redusere kvaliteten og den samfunnsøkonomiske nytten, seier Solvik-Olsen.

Prioriteringa i NTP skal gi nok tid for Statens vegvesen til å sjå på moglegheitene for å optimalisere prosjektet, meiner Solvik-Olsen.

Tilrådinga frå Statens vegvesen og Nye Veier skal vere klar innan 6. april 2018.