For frå oktober i fjor, innførte Nord-Fron kommune ei endring i forskrift om utvida bandtvang for hundar.

Nå skal bandtvang også gjelden utanfor skiløypene i ei sone på 100 meter på kvar side av alle maskinpreparerte skiløyper. Dette skal overhaldast frå det tidspunktet dei blir preparert og fram til prepareringa opphøyrer.

"Det betyr i praksis frå fyrste tur med maskin om haten til siste tur om våren", skriv Nord-Fron kommune på sine heimesider.

I arpil i fjor skreiv Dølen om familien Kalstadstuen/Wahlquist  frå Vinstra, som let seg provosere over lause hundar. Dottera Milea var ofte stiv av skrekk, fortalde dei, da dei møtte på hundar utan band i skiløypa.

- Vi møter endå hunder i løypa, men i mindre grad enn før, seier Kalstadstuen i dag.

- Eg er fornøgd så lenge folk har hundane i band i skiløypa, men meiner det er bra med klare reglar for bandtvang, legg ho til.