Læringssenteret i Ringebu får trafikksikkerhetsprisen i Oppland for 2017. Den får dei  for eit mangeårig arbeid for å gjera innvandrarar i kommunen til tryggare trafikantar.

Ein studie fra Transportøkonomisk institutt syner at innvandrere frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Aust-Europa, har dobbelt så høg ulykkesrisiko som norskfødte trafikantar.

- Ei av hovudutfordringane er at målgruppa tek med seg vaner og haldningar frå heimlandet, som ofte er ulike den norske trafikkulturen. Det er truleg ein viktig årsak til at ikkje-vestlege innvandrarar har høgare ulykkesrisiko, meiner leiar av Oppland fylkes trafikksikkerheitsutval, Gunnar Tore Stenseng (Ap).

Han var på læringssenteret torsdag for å fortelja om tildelinga.

Trafikkultur

I tillegg til ein anna trafikkultur møter flyktningane som regel andre kjøre- og trafikkforhald i Norge enn i heimlandet. Samstundes kan den norske føraropplæringa vera problematisk om ein ikkje beherskar norsk.

- Dette er menneske som ikkje har fått opplæring om trafikksikkerheit i barnehage og skule, slik dei fleste norskfødte har fått, derfor er det viktig å gje dei grunnleggjande trafikksikkerheitsopplæring, seier Stenseng.

Innvandrere som får varig opphald i Norge skal gjennom eit introduksjonsprogram, med innføring i norsk språk og samfunnsliv. Kunnskap om trafikksikkerhet har ikkje vore ein del av dette undervisningsopplegget, som Ringebu har gjort noko med.

Fint å bli sett

Inspektør ved opplæringssenteret, Ragnhild Hjelmstad, tykkjer det er veldig artig at arbeidet deira blir sett.

– Dette var starta av min forgjenger Bjørg Knuts i 2009, og har utvikla seg til eit opplegg vi tykkjer fungerer fint. Vi har også fått prosjektmidlar frå vegvesenet etter søknad kvart år, til å setja inn ekstra ressursar på dette, seier Hjelmstad.

I år var det haustferien som vart brukt til trafikksikkerheitsdagar på læringssenteret, med rebus i Ringebu sentrum der oppgåver om trafikken var lagt inn undervegs. Trafikktema er også del av programmet i Ringebu, gjennom skuleåret.

Prisen blir delt ut under ulykkesmarkeringa for drepte og skadde på vegane i Oppland i 2017, i Øystre Slidre tysdag. Hjelmstad og og Knuts vil delta i markeringa.