Hans Anton Torgersen er ein av dei som svergar til fjøl på snø, og er også primus motor og leiar i Kvitfjell brettklubb.

Meldinga som kom frå Kvitfjell alpinanlegg er voldsom både i kroner og symbolikk for ein liten klubb.

- Det betyr fem nye instruktørar det, og enda meir til overs til andre aktivitetar, seier han.

Ti tusen kroner

Den rause gåva på 10 000 kroner blir overrekt på klubbens fyrste offisielle kveldskøyring etter jul, tysdag denne veka.

Torgersen fortel at den fantastiske vinteren har starta godt, allereie er eit nybyrjarkurs unnagjort, og nye og gamle medlemmar møtes i bakken både i regi av klubben og ellers.

– Det er moro å sjå at vi er med å dreg i gang eit miljø, nå ser vi at foreldregenerasjonen finn fram att gamle brett-skills og blir med ungane. Det er jo det som er bra, at folk kjem seg ut, seier han.

Vinn-vinn

Dagleg leiar i Kvitfjell alpinanlegg, Odd Stensrud, kunne ikkje vore meir enig, og er veldig glad for å bidra vidare til det klubben har starta.

– Utgangspunktet er jo verdiskapingsprisen vi fekk før jul, og den største verdien for oss er jo nye alpinistar på ski eller brett. Her har Kvitfjell brettklubb gjort ein fantastisk jobb med å få barn og unge ut i bakken, seier han.

Og legg til at det er eit alternativ som fangar mange som den organiserte port-treninga ikkje passar for.

– Det handlar om leik og moro og å vera ute, og vi tykkjer det er veldig fint å vera med på å styrke deira aktivitet, seier han.

Og legg til at han tok vidareutdelinga av prisen opp med MGNF, som var positive og gav si tilslutning til ideen.

Han seier at det er viktig for alpinanlegget med lokal aktivitet og eigarskap til bakken.

– Bakken er også ein arena der vi møter framtidige alpinistar og arbeidstakarar, så slik sett er det vinn-vinn, seier han.

Og båe legg til at dei kjem til å halde fram det gode samarbeidet held fram vidare.

Ungane i brettklubben kan sjå fram mot ein aktiv vinter i Kvitfjell. Foto: Guro Vollen/arkiv