Ein og ein plingar epost med originalmanuskript med norske verk frå mellomkrigstida inn på macen.

– Eg held på og grev i manuskript både hjå Nasjonalbiblioteket og Ringve museum i Trondheim. Der finn eg norske verk som ikkje er brukt, noko eg håpar å endre på, seier ho.

Mellomlandar: Å bu heime i Venabygda er godt etter fleire år med pendling mellom studier i Tyskland, kjærast i København og heim til Norge. I føderådsstua etter bestemor jobbar ho mellom anna mot ein 17. mai-konsert med Lillehammer symfoniorkester. Foto: Guro Vollen

Mellomlandar heime

I fjor gjorde ho ferdig masterstudiet i orkesterdirigering frå Staatliche Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Stuttgart i Tyskland. At Elsine bur i Venabygda nå, kjem seg av at ho fekk jobb ved Sør-Fron ungdomsskule i haust. Der underviser ho i tysk og musikk, og kan såleis bu ei stund heime og pleie litt meir omgang med familien, enn ho kunne medan ho studerte i Tyskland.

Men det kan bli litt for komplisert reint logistisk.

– Som frilans musiker og dirigent må eg rekne med å vera ganske fleksibel og kunne stille på stutt varsel, og det var nok enklare i Tyskland, seier ho.

Medan ho budde i Dresden fekk ho førespurnad om å stille som orkesterpianist-vikar for Oslo-Filharmonien.

– Da var det berre å hive seg på fyrste fly og stille klar klokka ti morgonen etter, og håpe at eg kunne stemma, fortel ho.

– Så det kan bli litt for perifert etter kvart.

Arkivgull: Hjå Nasjonalbiblioteket og Ringve museum finn Elsine verk ho har lyst til å få fram i lyset og til framføring. Foto: Guro Vollen

Starta med trekkspel

Akkurat nå er ho likevel her. Og her starta den musikalske reisa til ei jente som var ivrig til å vera med på alt.

– Eg prøvde det meste, og eg lærte fyrst å spela trekkspel. Starta med piano som tenåring, og var med i korps og spelmannslag. Og eg likte alt som har med samspel å gjera, seier ho.

Eit korpsdirigentkurs kan kanskje ta skulda for å ha staka ut vegen vidare.

– Der fekk eg noko næring til å gå vidare, seier ho.

Musikklina på Vinstra var eit sikkert val, og allereie medan ho gjekk på Vinstra kom ho inn på Barratt Dues musikkinstitutt. Det førte til mykje pendling, og minst ein dag i veka i Oslo.

– Eg fekk ein inngangsbillett til eit veldig godt musikalsk miljø der, med mange dyktige unge musikere, seier ho.

Så det siste året på vidaregåande tok ho på Foss i Oslo.

Ho skryter av lærar Alf Årdal ved Barratt Due, som let ho dirigere studentar og lærte ho mykje om strykere.

– Eg var ganske målretta alt da, på å bli dirigent, men valde å ta klaverstdiet på musikkhøgskulen, seier ho.

Musiker fyrst

For Elsine er det viktig å ha musikerbakgrunnen med seg som dirigent.

– Eg meiner ein må kunne spela ut i frå seg sjølv før ein kan leie andre, seier ho.

Det var utvekslingsprogrammet Erasmus som tok studenten til Tyskland. Og der vart ho.

– Tyskland er eit naturleg valg når det kjem til klassisk musikk, seier ho.

Ho skildrar å koma til Dresden som ein luksusdusj musikalsk, og fekk mykje ut av dette semesteret, der ho mellom anna fekk dirigere proffe orkester.

Dirigent er eit yrke med mange sider. Den delen av arbeidet som syner for publikum kjem heilt til slutt, før det ligg mykje arbeid. Å vera orkesterdirigent for proffe orkester krev modenheit og førebuingar.

Ei av førebuingane kan også vera slik ho driv med nå. Dei gamle manuskripta må bli til materiell for orkester. Og det manglar berre nokre fleire ark før ho tek den fyrste telefonen til den fyrste musikaren som skal vera med.

– Målet er å få det framført og få desse flotte stykka fram i lyset, seier ho.

Hjå Nasjonalbiblioteket og Ringve museum finn Elsine verk ho har lyst til å få fram i lyset og til framføring. Foto: Guro Vollen