Det fyrste hundespannet kom tidlegare enn anslaget som var gjort på førehand. Brummunddølen Ronny Frydenlund kom fyrst, og vart ønskt velkomen av sjekkpunktansvarleg Sjur Sande og ordførar Rune Støstad til Skåbu.

Heile bygda var meir eller mindre på føtene for å gje firbeinte og tobeinte gjester ei god kvile etter 20-milsturen over fjellet frå Astridbekken i Gausdal, via Valdres og Sjodalen og til Skåbu.

- Det er den lengste etappa i Europa der hundespanna må greie seg heilt sjølvforsynt, altså at dei har med seg alt av utstyr, mat og vatn på sleden, seier Sjur Sande.

I og med dei store snøfalla som kom i jul og nyttår, var det venta at løypene kunne by på utfordringar

- Løypene var veldig bra, sa nummer to til Skåbu, Niklas Rogne, til Dølen.