Mellom dei to var det også berre to minutt inn til Skåbu, til slutt skilte det 34 minutt. Rogne kom i mål ved Astridbekken i Gausdal klokka 05.07 sundag morgon, og vann dermed 300kilometers-klassa.

Frydenlund seier i pressemelding frå arrangør Gaysdal trekkhundklubb at eit parti med mykje stigningar som skapte trøbbel for den eine hunden.

- Det var eit krevjande parti ei mil etter eg køyrde ut frå Skåbu, og eg måtte setja ein hund i sleden der. Da kjørte Niklas forbi meg med det same, og eg skjønte det ville bli vanskeleg å halde følge med han heilt til mål, seier Frydenlund.

Gausdal Maraton er kjørt med fire klasser. I klasse 150 kilometer vart vinnaren svenske Jimmy Pettersson. Klasse 200 open vart vunne av Tolga-kjøreren Jean Philippe Pontier.

200 kilometerdistansa blir også kjørt med begrensning på 8 hundar. Her vart det oppskriftsmessig seier til Maura-kjører og fleire gonger norgesmeister Elisabeth Edland.