I etterkant av Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2017 i Oppdal, blei det ein del diskusjonar i ulike medium, og FolkOrg oppmoda om å sende eventuelle synspunkt til styret. Styret fekk innspel som galdt begge arrangementa, og har drøfta desse på fleire styremøte hausten 2017. På første styremøte i 2018 blei det vedteke fleire endringar i tevlingsreglementet for både Landskappleiken og Landsfestivalen.

Meir fleksibelt

I følgje Hilde Reitan, Styreleiar i FolkOrg, har endringane gjort reglementet meir fleksibelt.

- Tevlingsreglementet er eit levande dokument, som nødvendigvis må reviderast med jamne mellomrom i takt med tida. Men, det er også viktig at det er langsiktig og føreseieleg, slik at ein unngår endringar/revideringar  for ofte. Dette kan ein oppnå gjennom eit meir fleksibelt reglement og styret har difor lagt vekt på å mjuke opp reglementet noko, seier Reitan.

Styret i FolkOrg, skriv i presemeldinga at dei trur desse endringane vil føre til auka deltaking og oppslutnad om Landsfestivalen, og stimulere til størst mogeleg mangfald.

Endringar i tevlingsreglementet for Landsfestivalen:

  • Ein kan delta fleire gonger med same instrument i alle samspelklassane.

  • Det skal vere fast seks finalistar i lagspel fele/hardingfele og gruppespel.

  • I dei andre klassane blir tal finalistar bestemt ut frå tal startnummer, slik som tidlegare.

  • Alle finalistane i pardans blir rangert, medan dei resterande deltakarane blir sette opp i alfabetisk rekkefølgje.

  • Ein kan delta fleire gonger i lagdans.

  • Open klasse blir tatt vekk frå Landsfestivalen.

  • Det blir oppretta ei ny klasse for duoar og trioar: Samspel sr. Finalereglane som gjeld for alle klassane, utanom gruppespel og lagspel fele/hardingfele, gjeld også for samspel sr.

  • Gruppespel skal ha minimum fire deltakarar per startnummer. Det er ingen endringar i vedtektene elles med tanke på instrumentsamansetning.

Endringar i tevlingsreglementet for Landskappleiken:

  • Det skal årleg vere finale i spel hardingfele kl. A og spel fele kl. A. Dei åra kongepokalen er sett opp i ein av desse klassane, skal det vere finale i ein av dei andre A-klassane/seniorklassane.

  • Open klasse vert rangert fullt ut.

  • Ein kan delta fleire gonger med same instrument i lagspel og gruppespel.

  • Det skal definerast eit tydelegare skilje mellom lagspel på Landskappleiken og Landsfestivalen. På Landskappleiken er det dei eldste formene som skal nyttast. Dette vil bli konkretisert med ein merknad på dommarskjemaet, og som ei føring gjeven til dommarane.

  • Ein kan delta fleire gonger i lagdans.