Freistar med tidenes sommarjobb i fjellheimen

Eit dokumentasjonsprosjekt i regi av DNT og Norsk folkemuseum er ute etter skriveføre fjellfantar i sommar.

DNT: Søkjer to reportarar til å gå turar og intervjue unge om friluftsliv og hytteliv i sommar. Det blir ledd i eit dokumentasjonsprosjekt turistforeininga har i jubileumsåret.   Foto: Tor Larsen/arkiv

Nyheter

Turistforeninga og folkemuseet er ute etter to reportere som kan tenke seg å bruke delar av sommaren til å gå turar i natur og fjell for å intervjue ungdom om friluftsliv og hytteliv.

– Vi veit det er mange som både er dyktige til å fortelja dei gode historiene, og som elskar å gå i fjellet, seier Johanne Grue Reiten, leiar i DNT ung.

Bakgrunnen for etterlysninga er at DNT fyller 150 år i år, og har fått til eit samarbeid med Norsk Folkemuseum om å dokumentere norsk hytte- og friluftsliv frå 1868 og fram til i dag, og sjå på kva rolle organisasjonen har hatt i den historia.