Kontrollutvalet (KUV) skal behandle notat frå revisor om saka den 6. februar. Administrasjonssjef Arne Sandbu seier i korrespondanse med revisor, at kommunen har vore ope om habilitetsproblematikk heile vegen. Det går også fram av protokollering i saka at det vart opplyst om inhabilitet frå administrasjonen.

Eigedom og sameige

Problemstillinga er at avdelingsleiar og planansvarleg internt i kommunen, eig jordbrukseigedom i kommunen og er medlem av grunneigarlag/sameige, og slik sett kan ha næringsinteresser knytt til areal. Innlandet revisjon IKS (IR), som skal lage rapporten til kontrollutvalets møte 6. februar, konstaterer at vedkommande både var saksansvarleg og sakshandsamer da den fyrste gjennomgangen av innspel til Planutvalet var gjennomført i juni. IR spør mellom anna om vedkommande har delteke på synfaringar i samband med saksbehandlinga, og om kvifor den fyrste «grovsorteringa» av areal ikkje utløyste inhabilitet. IR bemerkar at denne grovsorteringa gjorde at eigedommane til vedkommande vart med vidare.

Reagerte på vedtak

Kontrollutvalet i Nord-Fron har i to omgangar bede Innlandet revisjon sjå på habilitet hjå saksbehandlarar, omkring utarbeiding av arealdel til kommuneplan.

– Det var eg som tok opp habilitetsspørsmålet, med bakgrunn i vedtak i planutvalet, og notat lagt fram av administrasjonssjefen, seier leiar av KUV, Mathias Kjæstad.

Dette var i september i fjor, og ein førebels rapport, saman med svaret frå Sandbu, vart lagt føre KUV i desembermøtet. Vedtaket i KUV vart å be Innlandet revisjon sjå nærare på den konkrete habilitetsvurderinga og utabeide eit endeleg notat.

– Kunne vore endra

I svar til IR skriv administrasjonssjef Arne Sandbu at han ser at spørsmål om habilitet kunne vore handtert ved at saksansvarleg vart endra allereie når saken kom til planutvalet i juni-møtet.

– Dette kunne medført færre spørsmål, skriv Sandbu.

Han skriv vidare at han likevel ikkje kan sjå at det ville ha endra utfallet av saken.

– Det var mange innspel til plana allereie i forkant av den fyrste behandlinga i planutvalet, og også frå avdelingsleiaren som privatperson, seier Sandbu.

Han seier at den fyrste behandlinga var ei teknisk sortering ut i frå korleis innspela sto i høve til samfunnsdelen av kommuneplanen.

– Med etterpåklokskap ser ein jo at det hadde vore betre å endre saksansvarleg allereie før fyrste behandling i juni, seier Sandbu. Han står nå som saksansvarleg for arealdelen av kommuneplanen.