Innlandet revisjon meiner dermed at kommunen har lagt til grunn feil forståing av habilitetsreglementet i forvaltningsloven, i samband med at saksbehandlar sjølv har hatt innspel til planarbeidet som privatperson og grunneigar. Saken er oppe til behandling i kontrollutvalet i dag, tysdag.

Kan ikkje legge til rette

- Det følgjer av forvaltningslova at habilitetsreglane gjeld både for å leggje til rette for avgjerder, og å ta avgjerder, skriv IR i notatet.

Om ein person er inhabil, kan ein heller ikkje leggje til rette for sak som ein er inhabil i. Notatet opplyser at administrasjonssjefen er samd i at vedkommande saksbehandlar i kommunen vil vera inhabil i saker som vedkjem eigedommen til vedkommande.

Likevel vurderer administrasjonen det slik at den fyrste grovsorteringa av eigedommar og innspel ikkje vil utløyse inhabiliteten, men at det vil skje i seinare behandling av saken.

Vart med vidare

- Spørsmålet er om det er rett forståing av regelverket, spør IR-notatet.

I notatet konkluderer IR med at det ikkje er rett forståing. Sakshandsamaren burde vore vurdert inhabil også i den innleiande behandlinga av arealdelen av kommuneplan, fordi det her vart gjort vedtak om kor vidt innspel om endring i planen skulle avvisast eller bli med vidare. Tre område vart med vidare, og her inngår eigedommar som tilhøyrer saksbehandlaren.

- Det at eigedommane ville kunne endre arealkategori kan innebera "særleg fordel, tap eller ulempe" for vedkommande, heiter det i notatet.

Kan få konsekvens for plan

Dersom nokon som er inhabil, deltek i saksbehandlinga eller avgjerda i ein sak, vil det utgjera saksbehandlingsfeil, som i sin tur kan gjera vedtak ugyldige. Det kan få konsekvensar for det vidare arbeidet med kommuneplan, utan at det har vore med i vurderingane bak rapporten.

- Det vil bli opp til kommunestyret å sjå på om nokre av vedtaka planutvalet har gjort undervegs vil vera ugyldige, seier Mathias Kjæstad i møtet tysdag.

Kontrollutvalet gjorde eit omfattande vedtak i fem punkt, der dei mellom anna peikar på at planutvalet burde vore opplyst om eigarforhald på ulike eigedommar, og oversyn over kven som sto bak ulike innspel til arealplanen, for at dei skulle ha bakgrunn for å vurdere habiliteten til avdelingsleiar.

Kommunestyret blir bedt om å vurdere om vedtak knytte til kommuneplanens arealdel er gyldige eller ugyldige på grunn av saksbehandlingsfeil.

- Kommuneplanens arealdel er eit viktig dokument, som det er viktig at folk har tillit til, avsluttar kontrollutvalsleiar Mathias Kjæstad.