Folkedansaren Martin Myhr hadde kurs for elevar både på barneskulen og ungdomskulen, da han likevel var i bygda for å ha kurs på Kaupanger i helga.

Huka tak i instruktøren

– Vi passa på å huke tak i han når Ringebu swing og gammeldans hadde leigd han inn til kurs, seier kulturkonsulent Tina Lie.

Dansen er på læreplana, og med ekstern instruktør var tanken at innlæringa kunne vera lettare.

Dermed fekk både sjuande- og åttandeklasser lære dei tradisjonelle dansane polka, nærare bestemt strekkbuksepolka, var innom reinlender, litt springleik og avslutta med halling.

Flinke til å prøve

Instruktøren sjølv var imponert over dei lydhøyre ungdommane, som såg ut til å ta det meste lett.

– Veldig flinke ungdommar, og veldig flinke til å prøve, seier Myhr etter timen i storsalen. Med seg til å halde takt og tone hadde han Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron på fele.

Kurs i Kaupanger

Fredag kveld og laurdag på dagen var det kurs i regi av danseklubben, for folk i alle aldre.

– Dei siste åra har det vore fokus på å ta vare på gammeldansen, og vi er kjempenøgde med kurset i helga. Vi hadde faktisk 25 deltakarar fredag og laurdag, seier Solvår T. Gaustad i Ringebu swing og gammeldans.

Sosialt og moro

Dei er veldig førnøgde med oppslutninga, og håpar det kan vera starten på at fleire vil vera med å danse gamaldans, og til å oppdage at dans er både sosialt og moro.

– Og skryt til instruktøren også, han var veldig flink til å få med folk, seier ho.

Han hadde ein litt anna måte å lære bort på, meinte ho.

– Han passa på å lære bort takta fyrst, i staden for sjølve stega, seier Gaustad, og meinte at det gjorde susen når dei fire vanlege dansane vals, reinlender, polka og masurka skulle inn i løpet av ei helg.

Levande musikk var det også på kursa i Kaupanger, frå Midtlien og Lostad.

Grunnleggande: Folkedansinstruktør Martin Myhr følgjer med på takta og rettleier ungdommane i åttendeklasse gjennom polka, reinlender og halling på ein drug time førre fredag. Alle Foto: Guro Vollen