Gausdal kommune ivaretek rådmannsfunksjonen i saken, og skal etter planen legge fram sak for Utvalg for plan og teknisk (UPT) i Ringebu kommune 7. mars. I januar møttes settekommunen og utbyggjarane til førehandskonferanse. Der kom det fram at utbyggjar har prosjektert ut i frå signal frå Ringebu kommune om gode moglegheiter for dispensasjon for å bygge ut seks leilegheiter.

Frå fire til seks

I avtalegrunnlaget frå Ringebu kommune og tilbod frå utbyggjar Marienhø eiendom, ligg det til grunn at ein bygger ut fire leilegheiter i eksisterande bygg. Tomta som ligg ved sidan av vart «med på kjøpet» som ekstra areal til snuhammer, garasjer og uteareal.

Endring

Frå settekommunen blir det vurdert at avviket frå reguleringsplanen med seks leilegheiter er for stort til dispensasjon, slik at det heller bør bli avklara gjennom ei endring av planen, går det fram av referat frå førehandskonferansen.

Settekommunen ber utbygger vurdere om dei vil gå vidare med fire bueinheiter, som er meir i tråd med plan og inngåtte avtaler og kontrakter, og dermed vil løyse seg raskare enn om dei held fast på seks bueinheiter.

Held seg til førre vedtak

Roger Melgårdshagen, som saman med Jon Magne Lundbakken eig utbyggarselskapet, seier dei ikkje kjem til å foreta seg noko nå, før UPT skal behandle saken att.

– Vi held oss til det UPT har sagt før, og ut i frå det dei har godkjent, har vi prosjektert.

– Kor mykje har de brukt på prosjektet så langt, snart tre år etter at de fekk tilslaget?

– Med riving og alt er vi vel oppe i 800 000 kroner, så i alle fall 250 000 kroner på prosjektering. Og det er klart vi skal ha att noko i sluttreknestykket. Da blir det stor forskjell på seks og fire leilegheiter, seier han.

Plan og avtaler

UPTs behandling av utbyggingsprosjektet på Marienhø skal skje på grunnlag av avtalane Ringebu kommune underteikna med både utbyggjar og naboane til utbyggingsprosjektet, Astrid Nusselder og Remco Masurel, i 2015.

Dessutan ligg reguleringsplanen for Marienhø frå 2011 til grunn. Dette slo kommunestyret i Ringebu fast i november.