Konkurransa Årets unge folkemusikar 2018 er i regi av INTRO-folk, eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, i regi av FolkOrg.

Rasmus Kjorstad er vald ut som ein av seks som skal kjempe om den gjeve prisen. I semifinalen skal han spele mot Johanne Flottorp frå Åmli på Folkemusikkveka 24.-27. mai.

- Eg tykkjer sjølvsagt at det er stas å bli plukka ut saman med dei fem andre flotte musikararne, seier Kjorstad.

- Det er flott, og særs viktig, at FolkOrg vel å fokusere på det solistise uttrykket, det er der du verkeleg kan få fram nyansane, dei rike og fine detaljane vi har i musikken vår, legg han til.

Fem med VVS-bakgrunn

Kjem Rasmus til finalen, som er på FOLKELARM i november, kan han vinne GRAMIstipend på 100 000 kroner, samt speleoppdrag på Riksscenen og showcase på Folkelarm 2019.

Heile fem av seks semifinalistar har bakgrunn frå folkemusikklina ved Vinstra vidaregåande skule.

Mads Erik Odde frå Garmo i Lom, Helga Myhr frå Ål i Hallingdal, Ole Nilsen frå Løten og Ingvild Blæsterdalen frå Røros, i tillegg til Kjorstad har alle gått vidaregåande på Vinstra.

Kjorstad ser fram til konserten han skal halde under Folkemusikkveka.

- Eg tenkjer vel i grunnen ikkje på konurransa, eller ein eventuell pris, men fokuserer meir på å halde ein fin konsert. Så får vi ta det frå der, seier han.