Den 4. mars startar Ringebu musikkforening si 135-årsfeiring med konsert. Dei er den 7. eldste musikkforeninga i landet, og startar feiringa med Hans Majestets Kongens garde, gardemusikken, i konsert.

Verneverdig drift

– Såpass må det vera. Vi er vel heilt i toppen i landet, når det gjeld musikkforeningar i kontinuerleg drift, seier leiar Bjørn Haugen.

– Etter føresegnene i kulturminneloven er vi verneverdige, legg han til.

Den høgst oppegåande foreninga også spela sjølv i jubileumsåret.

– Vi kallar det jubileum, vi er så gamle at vi tykkjer det er greit å feire kvart femte år, seier Haugen.

Folkefest

Dei har lyst til å be inn folket til ein skikkeleg folkefest i løpet av året, mellom anna. Og det blir i alle fall èin tur til paviljongen i Kaupangerparken, reist av musikkforeninga i si tid.

– Da musikkforeninga starta, fekk dei eit rentefritt lån på 400 kroner av Ringebu sparebank, til innkjøp av dei fyrste instrumenta.

I starten vart det spela på to b-kornettar, ein ess-kornett, to althorn, ein basun (trombone) og ein tuba. Den fyrste dirigenten, Ottar Ottesen, var også instruktør det fyrste året. Til saman, med nokre av dei i fleire omgangar, har korpset hatt 24 dirigentar.

Komponerte for korpset

Lengst tid som dirigent har Ole J. Lien.

– Han kom fra Halvfarelia, og gjekk underoffiserskule i Halden. Der hadde han mellom anna Oscar Borg som instruktør, ein komponist, spesielt kjent for marsjkomposisjonane sine, fortel Haugen.

Lien reiste heim til Ringebu og eit yrke som skomakar og organist, i staden for å ta ved tilbod om å å gå inn i Divisjonsmusikken. I tillegg til å dirigere musikkforeninga, komponerte og arrangerte han det meste av repertoaret.

– Han tilpassa nivået til den enkelte musiker, og arrangementa hans blir framleis brukt ved spesielle høve. Østen Toft, som var dirigent, komponist og arrangør, er det også arrangementer etter i arkivet, som vi nå er i ferd med å digitalisere, seier Haugen, og lovar at det kan bli komposisjonar og arrangement frå arkiva i jubileumsåret.

1895-utgåva: Frå venstre Olav Lien, Ole Lien, Simen Vaalen, Ole Myhr, Christian Olsen. Stående fra venstre: Anton Randsted, garver Lund, farver Rustad, Iver Vaalen, Engebret Jensen.
siste: Her er det siste offisielle biletet av musikkforeninga, frå juni 2014. – Sidan har medlemsmassen auka med 40 prosent, men vi skulle gjerne hatt ein eller fleire trommeslagarar, seier leiar Bjørn Haugen.