Dei to opna butikken Snuppen og lillemor i august i fjor, da i lokale i Nedregate. Det var kundane som hadde ønskje om å få butikken inn på eit senter.

Meir lettvint

Spesielt småbarnsforeldre har ytra ønskje om å få butikken "innandørs" fortel dei to.

- Vi kan absolutt kjenne oss att i det; du har med ein unge som skal ut og inn av bilsetet for kvar butikk - slik sett er dette enklare for alle. Og så håpar vi jo at det blir meir folk som kjem tilfeldig innom, seier Morken, og legg til at det er jo til sentra folk reiser for å handle.

På nett

Butikken går i følge dei to greit, som i tillegg til den fysiske butikken også har fått ein nettbutikk opp å stå.

- Den var klar i starten av desember, og i januar er det der vi har hatt mest omsetnad, fortel dei.

- Er det framtida for butikkar som denne, å ha nettbutikk?

- Ja, kanskje, alle er jo på nett, og det gjev oss moglegheit til å handle med heile landet, seier dei.

Ein bonus ved flyttinga er at dei kan ekspedere varer frå nettbutikken berre ved å gå rett over gangen til post i butikk.

Teller ikkje timar

Dei to deler framleis veka mellom seg i butikken, i tillegg til at dei har ei ekstrahjelp.

- Vi blir å finne i butikken dei dagane vi har hatt før, men det er klart at dagane blir lengre, når vi skal følge opningstidene til senteret, seier Morken.

- Men dette er vårt eiget, så vi reknar jo ikkje timar. Jobben må gjerast uansett, seier Solli.

Snuppen og lillemor opna i nye lokale på Sødorptunet måndag. Foto: Guro Vollen