Dei meiner han er siste instans til å berge gardsdrifta på Svahelle, litt sett på spissen.

Reglar utan unntak

Det er reglementet omkring omsetning av mjølkekvoter som har sett kjeppar i hjula for dei nye eigarane av garden, to år sidan garden vart seld frå Opplysningsvesenets fond (OVF).

Per i dag leiger Bente og Stian kvota som før tilhøyrte garden dei overtok for nøyaktig to år sidan. Kvota høyrer framleis til OVF, fordi hovudbruksnummeret under garden framleis er å rekne som ein landbrukseigedom.

Det hjelper ikkje at denne eigedommen består av bratt skog, utmark og litt overflatedyrka beitemark, så lenge kvota ikkje vart ført over til den nye eigedommen før salstidspunktet. Det stadfester Landbruksdirektoratet overfor Dølen tysdag.

Ikkje vore del av bruket

Både seljar, OVF, og kjøparar, Svahelle DA (selskapet Borgen og Løvig driv garden gjennom), var samde om at mjølkekvota var med på kjøpet, da kontrakta vart signert rett før jul i 2015.

Det skulle seinare syne seg at Landbruksdirektoratet var av ei anna oppfatning. Regelverket seier nemleg at så lenge «resteigedommen», med bruksnummer 1, er å rekne som landbrukseigedom, skal kvota følge denne. Det hjelper ikkje at denne aldri har vore del av gardsbruket som familien til Borgen forpakta i 93 år, og der ho har vakse opp.

Tok sjansen

Saman med sambuaren Stian Løvik greip ho moglegheita til å kjøpe garden i 2015.

– Vi budde i Trøndelag, og sa opp jobbane våre same dagen som vi signerte. I dag er det faktisk på dagen to år sidan vi fløtte hit, seier Bente Borgen når Dølen besøker Svahelle måndag.

Ingen stiller spørsmål

Så langt var alt greitt. Konsesjonsvedtak kom i orden, og kvotebrev for 2016 kjem i posten.

Ingen, korkje banken, Innovasjon Norge eller juristane på kvar side undervegs i salsprosessen, ser grunn til å setje spørsmål ved om kvota følger med på salet. Den er sjølve driftsgrunnlaget på garden, og både seljar og kjøpar legg til grunn at den følgjer med.

Tilsagn frå Innovasjon Norge gjev dei moglegheit til å modernisere anlegget, og det blir lagt om til robotdrift i fjøset.

– Garden vår er nå eit rasjonelt, mellomstort gardsbruk, og det har vorte ein veldig bra arbeidsplass, seier Stian Løvig.

Oppdaga etter søknad

Det er fyrst etter ein søknad om tilleggskvote, som dei får avslag på, at dei oppdagar at kvota ikkje høyrer til garden.

– Vi hadde jo fått kvotebrev både i 2016 og 2017, så fyrst trudde vi det var ein feil. Men det viser seg etter klagerundene at regelverket er så klart, og at vi står i fare for å miste heile driftsgrunnlaget, seier dei.

Korkje dei eller OVF har forståing for at kvota som alltid har høyrd garden til, nå høyrer til ein eigedom som aldri har vore del av det forpakta arealet familien til Borgen har forvalta i fire generasjonar.

– Det har vore praktisert og full aksept for at ved frådeling av landbrukseigedom skal denne ha nytt matrikkelnummer, og heile mjølkekvota skal følgje med frå opprinneleg til ny matrikkel, anfører OVF i si klage.

Borgen og Løvig seier at einaste grunnen til at dei ikkje har mista nattesøvnen på grunn av denne saken, er at OVF har teke ansvar for å føre saken overfor Landbruksdirektoratet.

– Det, og at alle ser meiningsløysa i denne saken, seier dei.

I dag driv Svahelle DA med kvota som før høyrde til garden, men som etter deling vart verande att på hovudbruksnummeret, der det korkje er dyr eller driftsanlegg. Denne leiger dei av OVF. Foto: Guro Vollen
Garden Svahelle har røter langt attende i historia, og familiehistoria til Bente Borgen er også knytt til den gamle prestegarden, som før ho og sambuar Stian Løvig kjøpte den, var forpakta av familien hennar i 93 år. Foto: Guro Vollen
Landbruksdirektoratet meiner Løvig og Borgen kan kjøpe kvota dei allereie har betalt for ved kjøp av garden. Da vil dei samstundes miste ein femtedel av kvota til staten. Foto: Guro Vollen