Det handlar om å vera på tilbodssida for kreftkontaktane, som gjennom møte med pasientane kjem tett på både liv og død.

– Det er ein tøff jobb, men mest av alt gir det oss så mykje, seier Kirsten Dahl, Linda Jeanette Evensen og Anne Tove Krok. Dei er kreftkontaktar i Nord-Fron kommune.

Tett samarbeid med pårørande

Dei har eit arbeid som kan beskrivast som livsviktig, for pasientar som har fått ei kreftdiagnose.

– Ja, vi opplever at jobben vi gjer er svært viktig. Vi gir svært tett oppfølging, sørger for tryggleik og kontinuitet, samstundes som vi gir symptomlindring i sjukdomsforløpet. Mange har smerter, kjenner kvalme, er urolege og har angst. Vi er der også som samtalepartnar, gir råd og rettleiing, fortel Dahl. Ved å bruke kreftkontaktene, får pasientane ein person å halde seg til. Slik vert dei ein viktig støttespelar gjennom sjukdommen.

– Vi har ofte samtaler kvar einaste veke. Vi kan prate om livet og om døden. Mange veit at dei ikkje blir friske att. Vi har ein dialog på korleis det skal vere framover. Mange ønskjer å døy heime, og det er svært viktig, at ein kan få avslutte livet slik dei vil sjølve. Alt gjer vi i tett samarbeid med pårørande. Dei står også i tøffe situasjonar, seier Krok, som saman med Evensen er i gang med å utdanne seg til kreftsjukepleiar.

På sikt kan ein trenge meir ressursar innan kreftomsorgen, meiner Åste Sandbu (f.v.), Linda Jeanette Evensen og Anne Tove Krok. Foto: Tone Sidsel Sanden

Kjem tett på menneska

Alle tre er frikjøpt til å arbeide spesielt med kreftpasientar. Nord-Fron kommune har hatt kreftkontaktar sidan fyrst på 90-talet.

– På sikt kan vi trenge auka ressursar, seier leiar for heimetenesta, Åste Sandbu.

– Vi får gode attendemeldingar på den jobben dei utfører, dei gjer ein forskjell. Så er det eit teamarbeid, for når desse tre er ute på oppdrag, må andre trø til i heimetenesta elles, legg ho til.

Fleire nyttar seg av kreftkontaktane sine tenester nå enn tidlegare.

– Ein ser at behovet endrar seg ved at fleire vil ha samtaler. Vi har også følelsen av at fleire ønskjer å døy heime. Det er også individuelt kva kvar enkelt treng og vil ha av hjelp. Nokre følger vi gjennom heile sjukdomsforløpet, medan andre har vi berre litt kontakt med. Det kan også vere dei som er vorte friske, men som likevel vil ha ein person dei kan vende seg til,seier Evensen.

- Ein kan ikkje unngå å bli berørt, men mest av alt gir denne jobben oss mykje, seier Linda, Anne Tove og Kirsten. Foto: Tone Sidsel Sanden

Blir audmjuk

Målet er at pasientane skal sleppe å ha bekymringar midt oppi sjukdomen.

– Vi har full oversikt over alt som finst av tilbod, anten det gjeld trening eller behandling.  Vi har også eit godt samarbeid med legane, seier Dahl, som ikkje legg skjul på at det også er ein tøff jobb å kome så tett på menneska som dei gjer.

– Ein blir audmjuk, og det er tøffe tak når det står på. Det har vorte mange tårer i bilen på veg heim. Men det er så godt å kunne hjelpe, seier Dahl.

Også i Sør-Fron og i Ringebu har dei kreftkontaktar, som arbeider slik dei gjer i Nord-Fron.

– Vi har to kontaktpersonar for alvorleg sjuke og kreftpasientar, som har samtaler og følgjer opp pårørande, seier leiar for heimetenesta i Sør-Fron, Marit Vestad Førlandsås.

Vidareformidlar kontakt

Sør-Fron kommune deltar også i forskning som omhandlar strålebehandling.

- Det er våre kontaktpersonar som tek føre seg intervju av pasientar som har fått strålebehandling, fortel Førlandsås.

I Ringebu kommune har dei tre kreftkontaktar.

– Kreftkontaktene er ressurspersoner for kreftpasienter, pårørende og medarbeiderne, seier avdelingsleiar for heimetensten, Irena Svelle.

- Vi ser at kreftkontaktene gir pasiantar og pårørande ein stor tryggheit, og dei veit vi stiller opp ved behov, seier ho.

Ei viktig oppgåve, som kreftkontaktene i alle tre midtdalskommunene er opptekne av, er å vidareformidle kontakt med andre tenester dersom pasientar og pårørande har behov for bistand eller svar på spørsmål som er utanom fagområdet til kreftkontakta.

- Det kan for eksempel vera spørsmål knytt til medisinsk tilstand, økonomisk bistand, rettigheiter, hjelpemidlar, rehabilitering, barn som pårørande og samliv, seier Svelle.

– Vi har eit godt apparat som ivaretek dei som er sjuke, seier Kirsten Dahl.

- Det er viktig for oss at dei som treng oss, veit at vi finst, slik at vi kan få gitt den hjelpa vi kan, seier kreftkontktene i Nord-Fron samstemte.

På sikt kan ein trenge meir ressursar innan kreftomsorgen, meiner Åste Sandbu (f.v.), Linda Jeanette Evensen og Anne Tove Krok. Foto: Tone Sidsel Sanden
- Ein kan ikkje unngå å bli berørt, men mest av alt gir denne jobben oss mykje, seier Linda, Anne Tove og Kirsten. Foto: Tone Sidsel Sanden