Dei tre siste åra har lærarar vore pålagt å bytte ut ein skuledag med ein obligatorisk laurdag i Kvitfjell, for å vera med elevane under World Cup-arrangementet. I fjor bad utdanningsforbundet om møte med administrasjonen i februar, noko dei fekk i august. Etter møtet i august sendte dei eit notat til kommunalsjefen om sitt syn på saken. Dei meinte at den obligatoriske laurdagen var brot på lærarane sitt avtaleverk, og i tillegg bryt det med skuleruta, som er ei forskrift.

Likevel vart problemstillinga aldri drøfta før i januar i år, rett før den på nytt er aktuell.

- Utdanningforbundet har retten på si side, når dei krev at ein skal følge skuleruta fullt ut, men rådmannen beklager at UDF ikke vil bidra til dugnaden og til å sjå det pedagogiske potensialet som ligg i å delta på arrangementet, skriv rådmannen i referat frå det siste møtet.

Saken kjem opp for formannskapet som orienteringssak 1. mars.

Utdanningsforbundet er positive til å oppfordre til deltaking og å framsnakke arrangementet. Dei ser positivt på at skulane ordnar med billettar og busstransport som tidlegare år, og at skulen, dersom det er naudsynt for aktiviteter det er avtale om, kan ha lærarar til stades på arrangementet, så lenge det er frivillig frå lærarane si side, og blir kompensert.

- Vi er ferdige med saken og har vorte enige med kommunen om at dei ikkje kan utvide skuleruta med ein dag. Vi må også følge avtaleverket vårt, der er ikkje laurdag arbeidsdag, seier hovudtillitsvald og leiar i Utdanningsforbundet i Ringebu, Pernille Kalseth.