Det er 13 år sidan sko- og veskebutikken på Ringebu vart starta av Ed og Yvette la Pierre, som etter kvart også har opna butikk på Lillehammer, og eit eige designmerke på vesker.

Kvitfjell handbags har blitt for populære til at to butikkar og veskedesignselskapet kan la seg kombinere for berre tre personar.

- Veldig travelt

Det er rett og slett suksessen til veskemerket som gjer at dei ikkje greier å halde Ringebu-butikken open lengre.

- Vi har hatt fine resultat kvart år på Ringebu, men vi er berre tre personar, og med tre selskap blir det etter kvart veldig travelt for oss, seier han. Dottera Arielle har teke over som dagleg leiar på butikken deira i Lillehammer, og kona Yvette designar veskene.

- Vi har akkurat vore på Oslo design fair, og det var veldig vellykka, fortel han. Sjølv er han ansvarleg for det administrative og for logistikken.

Nytt showroom

I Ringebu gjer dei om butikklokala til showroom for næringsdrivande og innkjøpsagentar, slik at dei får sjå varene. Men før det blir det opphørssal i lokala, seier Ed.

Familien har ikkje planar om å flytte frå Ringebu. Til det trivs dei altfor godt.

- Ja, vi bygde oss hus i Ringebu og vi trivs veldig bra. Butikken blir borte, men vi held fram i Lillehammer, seier han.