Det er kyrkjene i Nord-Fron, Sel, Dovre, Lesja, Vågå, Lom og Skjåk som er saman om dette ungdomsarrangementet. 10.-11. mars samlast dei på Trolltun på Dombås.

– Samlinga er primært for ungdom etter konfirmasjonsalder, frå 10.-klasse til og med vidaregåande. I Nord-Fron har vi i tillegg invitert dei av årets konfirmantar som har meldt seg på leiartrening, fortel menigheitspedagog Hildegunn Maria Haanes Ruset.

Fellesskap

På Trolltun skal ungdommane bu i hytte i botn av alpinbakken, så alt ligg perfekt til rette for alpint, skiturar og aking.

– Friluftsliv og moro er ein viktig del av samlinga. Så tek vi opp tema »På sporet», som handlar om å kome på sporet av både seg sjølv og Gud. Musikk og god mat er også viktig på denne samlinga, seier Ruset.

– Vi har eit stort fellesskap mellom vaksne, ungdomsleiarar og deltakarar, som skapar eit unikt rom for interessante samtaler og gode opplevingar, legg ho til.

USB-UngdomsSamling har Facebook-side, der ein kan finne meir info.