Det tok ikkje brodden av stemninga i Kvitfjell. Sjøl om mange konkurrerande arrangement i regionen og ikkje helga mellom to vinterferieveker, som i fjor, er noko av forklaringa på at ikkje like mange som i fjor tok turen til Kvitfjell, trur arrangøren.

- Vi vil helst vera nokså nøkterne når vi gjev eit anslag, og 6500 er det vi landar på, seier arrangementsleiar Stein B. Olsen.

Godt nøgde

Han legg til at arrangøren tykkjer det har vore eit fantastisk oppmøte frå både lokalbefolkninga og hyttefolk i Kvitfjell, og noterer seg for nok ein fantastisk dag i Kvitfjell.

- Vi merkar nok at det er mange konkurrerande arrangement, som Ingalåmi, ungdomsbirken og Holmenkollen, som mange gjerne vil følge med på også, seier han.

Som i Sveits

Ein av dei som bidrog for fulle krefter var Edvin Rykhus frå Øyer, som saman med pappa Eirik Rykhus hadde med ei diger sveitsisk kubjelle.

- Det er pappa som har vunne den, fortel Edvin.

Pappa vann bjella da han tok gull under telemark-VM i Sveits i 2007. Laurdag var den med på å skape god stemning i målområdet i Kvitfjell-utforen.

Ikkje heime-gull

Det vart derimot ikkje Vinstra-gull laurdag, til trass for stor jubel frå heimepublikummet, som Kjetil Jansrud også helste til over storskjermen i målområdetfør start.

- Det er veldig spesielt å køyre her, framfor så mange folk som eg kjenner, bekjente og folk som har vore ein del av karriera mi, sa han.

Aksel Lund Svindal tok den einaste norske pallplassen, medan Jansrud havna rett utanfor på fjerde. Sølvet gjekk til verdscupleiar Beat Feuz frå Sveits, medan tyske Thomas Dressen tok gullet i Kvitfjell.

Kjetil Jansruds melding opp til toppen og Aleksander Aamodt Kilde var at isen var hardare enn på trening dagen før, og at slaga også var hardare. Kilde hadde ikkje dagen, og havna ein skuffande 17. plass.

Sundag er det superG-renn i Kvitfjell.

Matgate

Matprodusentar og lokalmat på stand danna ei heil gate i publikumsområdet, med kjøttkake på gaffel og lokale supper og pølser i lange rekker.

Torill Borgedal var ei av dei som kunne skryte av mest stuttreist mat. Tosbakklam er visstnok ein hit i Østfold, der vener av Borgedal har opna opp ein marknad for lam frå Fåvang.

- Vi har vel faktsisk seld 20 lam dit i fjor, så det er artig. Vi har ikkje stor produksjon, men utvidar nå slik at vi kan dele opp og selja stykningsdelar direkte, fortel ho.

Vil bevare snøen

På stand i Kvitfjell sto også lokallag av Natur og Ungdom på stand. Jentene frå Lilelhammer håpar det kan vera nokon til å dra i gang eit lokallag i Midtdalen også, og tok imot invitasjonen frå arrangøren litt på det grunnlaget.

- Vi har mange ting på gang, og så tykkjer vi det er ganske relevant å stå her, sidan vi må berge klimaet dersom vi skal ha snø til verdscuprenn også i framtida, peikte dei på.