Dei tre biletkunstnarane stiller ut på prestegarden gjennom påska, frå 24. mars til 8.april.

Leiar i stiftinga for Ringebu prestegard, Einar Høystad,  seier det er litt skrekkblanda, for ei salsutstilling vinterstid krev sitt, og det har ikkje vore prøvd før.

- Vil prøve

Sommarutstillinga i lokala har derimot vorte årviss, og ideen til vinterutstilling skal potensielt utnytte folketalsauka i Midtdalen når alle hyttebuande skal nyte påskestemning i regionen.

- Det er jo tanken, men det er klart vi kan ikkje rekne med at folk dreg på utstilling dersom det er kjempefint påskevær. Men vi vil prøve. Og det er jo velrenommerte kunstnarar vi har med å gjera, seier Høystad.