Innehavar Stig Rune Haverstad skriv på facebook at tjuveriet har skjedd i løpet av natta.

Til Dølen seier Haverstad at han ikkje har heilt oversikta ennå, men at det i alle fall manglar 30-40 000 kroner, mykje i utanlandsk valuta. I tillegg skal det vera borte ein god del veksel til kafeen. Det er ikkje teikn til innbrot, i følge innehavaren.

Haverstad meldte frå om tjuveriet til politiet i halv eitt-tida, stadfester operasjonssentralen.

- Eg tykkjer det er tullete at dei ikkje har ressursar til det, men eg kjem jo til å levere melding til politiet på Vinstra i morgon, seier Haverstad sundag.

Operasjonssentralen seier politiet vurderte det slik at det ikkje ville vera spor å sikre på staden, sidan det ikkje var ein innbrotsåstad, og bad Haverstad melde tjuveriet til politiet på Vinstra måndag, som så vil etterforske vidare.

Denne meldinga la Stig Rune Haverstad ut på facebook sundag. Klokka fire var den delt over 80 gonger. Foto: Skjermdump frå facebook