Det var firmaet Elektron eiendom AS i Nittedal som kjøpte det gamle bytikkbygget før jul.

- Det er to bustadeiningar der frå før, og nå kjem vi til å bygge om resten av bygget også, slik at det totalt blir fem einingar, seier Ole Jørgen Engebretsen i eigedomsselskapet.

Han tek sikte på at bygginga kjem i gang så fort byggesaksbehandlinga er i orden, truleg i løpet av våren.

- Kva for marknad siktar de inn på, er det reiseliv eller er det fastbuande?

- Det blir vanleg bustadutleige, vi trur ikkje plasseringa er så gunstig i høve til turisme, seier han.

Elektron eiendom har nyleg levert byggesøknad til Ringebu kommune som omhandlar bruksendring frå næringsbygg til bustadformål. Ole Jørgen Engebretsen har frå før tilknytning til området via rolla som styreleiar i Venabu fjellhotell.