Garden til Asle Seielstad har alltid ligge sentralt ved ferdselsåra. Reguleringsplan for ny E6 er godkjent, sjølv om vegen let vente på seg. Han veit han må flytte, men ikkje når eller kvar.

– Eg har stor forståing for at vegen må fram, og eg skjønar også at det må gå ut over nokon, seier Asle Seielstad.

Frå så tidleg som 1972 har han plankart som syner ny E6-trase gjennom tunet.

– Vi har alltid visst at dette var «festa ved» garden, seier han.

Sett på vent

Da Statens vegvesen presenterte fyrste kontraktsforslaget i 2013, sa han nei til å avhende heile farsgarden for 3.1 millionar kroner.

– Kvar summen kom frå, veit eg ikkje, men setra og heile bruket var rekna med, og det vil eg ikkje selja. Eg vil berre gje frå meg det som går med når vegen skal byggast, seier han.

Da Seielstad avviste det fyrste tilbodet, gjekk han med på å forhandle om ei avtale om innløysing via advokat.

I 2014 fekk han tilbod frå vegvesenet om 1,5 millionar kroner med det same, og resten avgjort ved skjønn når vegen kjem. Sidan har det stått stilt.

– Eg er over 60 år, det siste vi veit er at E6-arbeid her forbi startar i 2028, da er eg 70. Eg ville jo helst hatt ein sum så eg kunne etablert meg att ein annan stad, seier han.

Han meiner det siste tilbodet ikkje er nok til å få att tilsvarande hus i området, og heller ikkje veit han kva sluttsummen blir.

Prinsipielt

Ifølge Statens vegvesen er saka med Seielstad sett på vent.

– Grunnen til det er samansett, og eg meiner vi har gjort det vi kan i denne saka. Vi har hatt ein prosess med advokaten til grunneigaren og er prinsipielt usamde om kva som skal erstattast og på kva måte det skal erstattast, seier Arnt Roar Musdalslien, som er grunnervervsansvarleg på prosjektet E6 Biri-Otta.

– Så det er summar ein er usamde om?

– Nei, det går på at vi ikkje ville ta ei vurdering av korleis verdsetjinga skal skje før vi inngår ei avtale om skjønn, vi meiner ei skjønnsvurdering skal skje i retten, seier han.

Heller ikkje midlar

Ytterlegare kompliserande er det at E6-utbygginga vart stoppa etter at fyrste etappe gjennom Gudbrandsdalen var ferdig. Det betyr at det heller ikkje ligg budsjettmidlar til grunnerverv hjå vegvesenet nå, da desse er knytt til utbygginga av vegen.

–Men når det ligg føre ei gjeldande reguleringsplan, har grunneigar rett til å få innløyst bustad?

– Ja, for vanleg bustadeigedom og bustad på landbrukseigedom. Da må vi eventuelt vurdere forskuttering av midlar, seier Musdalslien.

Rett bak fjøset blir midten av vegbana, ifølge dei siste opplysningane Seielstad har fått. Foto: Guro Vollen