I Venåsmorka i Ringebu går det vi trur er Gudbrandsdalens fyrste banked slalom-konkurranse av stabelen. Banked slalom betyr at svingane er dosert, altså bygd opp. Konkurranseforma for snøbret oppsto i USA, og det er mange slike arrangement med høg status i snowboardmiljøet.

Laurdag er det duka for banked slalom i løyper snøbrettenutsiastane bak Værfast har bygd den siste tida. Løypa ligge 50 meter frå vegen, og er bygd av entusiastar til helgas renn.

– Vi satsar på eit uhøgtideleg arrangement, der det viktigaste er å ha det gøy på brett, men reknar med at omstendigheitene vekkjer ein del konkurranseinnstinkt, skriv dei på arrangementets facebooksider.

Løypa er bygd av entusiastar. Foto: Privat