Tilknytninga mellom folk og dyr er noko av det som gjer livet som sauebonde så godt, tykkjer Torild Borgedal, som held til i Søre Brekkom i Fåvang.

– Du tok eit litt uvanleg val for tre år sidan?

– Ja, det stemmer. Eg hadde jobba 25 år i helsevesenet i Ringebu kommune, og gav meg for å bli sauebonde på heiltid. Det var kanskje litt tøft, men eg har ikkje angra ein dag. Sjølv om eg nok sakna kolleger, så har eg ein kjempefin arbeidskvardag nå.

– Kollegene dine nå er stort sett sauar?

– Ja, nå har eg 38 sauar i vinter. Talet på dyr er akkurat passe både med tanke på lamminga, plass i fjøset og med beite og for. Mannen min Kjell og eg starta med sau for å halde jorda i hevd attåt andre jobbar.Talet på dyr nå er passe, og eg veit at eg har full kontroll med det åleine, sidan Kjell er ein del borte. Så har eg også eit barnebarn på fem år som er ivrig, og han har vore med i fjøset sidan han greidde å gå.

–I helga var du å finne i Kvitfjell, med lammesuppe og skinnfellar som gjekk unna. Korleis var det?

– Det var veldig triveleg, fint å snakke med folk utanom distriktet om dyrehaldet, fordelane til sauen og kvar maten kjem i frå.

– Du brenn for folkeopplysning i så måte?

– Ja, eg tykkjer det er viktig å lære opp folk til å forstå at maten kjem frå ein stad, og at det er mykje som ligg bak. Det er jo ikkje rart om folk ikkje skjønnar samanhengen av seg sjølv.

– Det er ikkje nok for deg å sende avgarde til slakt, du gjer meir ut av det?

– Ja, vi har returavtale med Nortura så vi tek att eigne slakt. Nå er vi i ferd med å gjera ferdig betre skjærerom og eit kjølerom. Det skal vera klart til sauane kjem ned frå fjellet i haust.

– Lokalmaten er i vinden, du omset kanskje ein del her heime?

– Faktisk trur eg ikkje at vi har seld noko her i området. Eg har nemleg ei veldig god venninne frå Moss, som på ein måte har teke på seg eit salsagentur for oss i Østfold. Vi selde faktisk 20 heile lam dit i fjor, så det må vera bra.

– Venninna di er med på meir enn salget?

– Ja, Unni er med både i lamminga om våren, og i sankinga og med mykje av arbeidet utover hausten, og det er veldig triveleg. Mannen min reiser på jakt, og så kosar vi damene oss her med flytting av sau og bytting av beite.

–Om du skal velje det beste frå lammet?

– Det er vanskeleg! Men eg kjem ikkje utanom eit godt lammelår. Sjølve brukar vi nok eit par lam sjølve i løpet av året. Det er verkeleg eit heilårsprodukt!

– Anna enn til påskelam og fårikål?

– Absolutt! På grillen, til dømes, og i gryter. Eg trur også at dei som kjøper heile eller halve dyr av oss ser at det kan brkast til mykje meir.

– Utanom garden, kva gjer Torhild?

– Det er verkeleg alt og ingenting. Om sommaren likar eg godt å halde på ute. Eg kan gjerne både snekre og måle. Om vinteren les eg krim.

– Og grønsakdyrking?

– Vi har eit lite drivhus, og har fått i stand ein kjøkkenhage, så i sommar var vi sjølvforsynte av grønt nesten, frå juli til jul. Bønner og tomatar, og blomkål, brokkoli og svartkål, det gjekk over all forventning.

– Å jobbe med dyr er helsebot for kropp og sjel, meiner du?

– Det er ein så takknemleg jobb! Eg kan stå og høyre på dyra tygg maten dei har fått, da senker eg skuldrane heilt. Medan eg jobba i helsevesenet krangla kroppen støtt, men slik er det ikkje lenger. Så for meg vart det ein helsegevinst.