Berget, ofte omtala som mor til pappapermisjon, fekk Rackel Grepp-prisen. Det var Ap-leiar Jonas Gahr Støre som overrekte prisen til Berget sin familie, i samband med likestillingskonferansen til AUF. Prisen er verdt 50 000 kroner, og er blitt delt ut sidan 2014. Den skal gå til ein person eller institusjon som har arbeida for likestilling.

– Likestillingarbeidet gjekk som ein raud tråd gjennom heile karrieren til Grete Berget, heiter det i grunngjevinga frå styret i Rackel Grepp-stiftinga, som også er jury.

Partnarskapslov

Berget var barne- og familieminister frå 1991-1996 og fekk innført fedrekvote i foreldrepermisjon, medan den totale permisjonstida vart utvida. Berget blir og heidra for å ha fått på plass partnarskapslova for par av same kjønn i 1993 og for barnehageutbygging i statsrådsperioden.

Grete Berget var frå Vinstra. Politikaren og den tidlegare journalisten døydde av kreft i november i fjor.

Rackel Grepp (1879-1961). Foto: Ukjent/Wikipedia