Nina og Øystein har i år 20 år bak seg som kulturgard-vertskap, og er nominert saman, til prisen Årets bygdeprofil. Det er avisa Nationen som står bak kåringa. I desse dagar er Rudi i ferd med å sleppe årets program på kulturgarden, og melder måndag om at det er mange kvinnelege artistar på programmet.

I kriteria til kåringa heiter det at aktuelle kandidatar skal ha profilert Bygde-Norge på ein aktiv og positiv måte.

- Nina og Øystein Rudi er vertskap på Rudi gard, som er ein av Gudbrandsdalens mest aktive kulturscenar. Dei vann service- og vertskapsprisen ved Fakkelprisen i 2017, heiter det i grunngjevinga av nominasjonen.

Det står også at vedkommende må vera kjent ut over sitt eige lokalmiljø. Men det betyr ikkje at dei må vera nasjonale kjendisar, skriv Nationen på nettsidene om kåringa.

Av tidlegare vinnarar har ein midtdøl vunne kåringa før; Mikkel Dobloug (2006).