Fredag vart Trond Bakkom presentert som tilsett i stillinga som dagleg leiar.

Bakkom skal ha ansvaret for å bringe anlegget, Vinstra motorsportarena, med 16 ulike motorsportgreiner til nye høgder. Heile anlegget på Pallane i Ruste, skal stå ferdig i juli 2016.

– Bakkom har vært tilsett i bilsportforbundet i mange år. Han er vel den i Norge som har dei beste følarane for kva som rører seg i norsk bilsport, seier styreleiar i Midt-Gudbrandsdal motorsportklubb (NMK Midt-Gubrandsdal) , Trond Stang Skurdal.

Heile anlegget på veststida av Vinstra, skal stå ferdig sommaren 2018. Foto: Midt-Gudbrandsdal motorsportklubb

Svært fornøgd

Trond Bakkom er busett på Lillehammer. Han skal ha kontorlokaler i gamle telegrafbygget inntil vidare.

– Når det nye klubbhuset står ferdig, vil Bakkom få kontorplass der, fortel Stang Skurdal.

– Kva forventar dykk av utvikling ved å få ein dagleg leiar på plass?

– Vi forventar at Bakkom skal skaffe oss arrangement og løp, når vi får bana godkjent. Med sitt kontaktnett trur vi også at vi gjennom han kan få gode sponsorar med oss. Vi er svært forbøgd med å få Bakkom på plass, slår Stang Skurdal fast.

Motorsportklubben gjennomførte årsmøte fredag, og styret for NMK Midt-Gudbrandsdal ser slik ut:

Leiar, Trond Stand Skurdal, nestleiar er Lars Petter Nyhus, medan Simen Lostad, Ole Christian Smidesang, Stig Skjerve og Linda Skogen er styremedlemmar. Varamedlemmar er Vidar Bakken og Randi Sølvi Tokvam.

Motorsportklubben har tilsett dagleg leiar Trond Bakkom (t.h.). Styreleiar Trond Stang Skurdal håpar på mange store arrangement framover. Foto: Privat
Midt-Gudbrandsdal motorsportklubb (NMK Midt-Gubrandsdal) hadde årsmøte fredag. Foto: Privat