Drifta av utsalet vart i fjor haust overdrege til EA Smith AS, selskapet som eig Byggern’n-kjeda, så den er alt berga.

– Styret kjem til å spela opp til årsmøtet om vi kan få fullmakt til å selja, seier styreleiar i Ringebu-Fåvang Innkjøpslag, Jostein Tromsnes.

Ein gong størst

Ringebu-Fåvang innkjøpslag sprang ut frå Fåvang ysteri, som var starta i 1911, og var ei tid ein av dei største arbeidsplassane i kommunen.

Gjennom åra har innkjøpslaget satsa på både bilverkstad og bilselskap. I samband med overdraginga vart takst på tomt og bygg sett til 4.9 millionar kroner.

Innkjøpslaget sit att med gjeld, attpå anna verksemd dei har tapt pengar på opp i gjennom, mellom anna termobilar i Fåvangbilene, som var eit heileigd selskap under innkjøpslaget. Dei to bilane som var att i selskapet har gått bra, og vart overteke av dei fire tilsette.

I følge Tromsnes har innkjøpslaget ikkje stort anna valg, enn å selja.

Ea Smith har inngått ei tiårskontrakt på leige av bygget, og har ein forkjøpsklausul i kontrakta, dersom det skulle bli lagt ut for salg.

Berga arbeidsplassane

Fram til overtakinga i oktober i fjor, dreiv Ringebu-Fåvang innkjøpslag utsalget også i Sør-Fron. Her er innkjøpslaget eit reint eigedomsselskap, og dei tilsette både på Fåvang og Sør-Fron vart med over da EA Smith/Byggern tok over eigarskapet.

– Vi var nær konkurs i fjor haust, men fann ei løysing for drift på denne måten, og unngjekk at dei tilsette mista jobbane sine. Vi meiner dette var ei god løysing, seier Tromsnes.

Styret skal førebu årsmøtet i slutten av april, på eit møte over påske. Det er ikkje bestemt om forslag om oppløysing kjem til årsmøtet.

Ommøblert

På butikken i Fåvang er dei tilsette i ferd med å gjera seg heilt kjent i ein «ommøblert» butikk. Dei uroar seg litt over at folk trur overgangen på eigarsida skal ha noko å seie for tilbodet deira på forvarer og typiske «innkjøpslagsvarer».

– Sortimentet består, forsikrar dei.

Ringebu-Fåvang innkjøpslags årsmøte skal ta stilling til sal av tomt og bygningar i slutten av april.