Det var ein kamerat som verva han for 40 år sidan, fortel Rolf Randen frå Kvam.

- Eg har alltid vore interessert i førstehjelp. Da eg vart med i Røde Kors, kom eg fort inn i påskevaktene, fortell han, da Dølen møter han og dei andre frå Nord-Fron Røde Kors, som er stasjonert på Kvamsfjellet ved Rondaplassen i påska.

Iskaldt oppdrag

Sidan 1978 har Rolf vore trufast frivillig hjelpar i påskefjellet. Ja, ein kan trygt seie at det har vorte ein tradisjon, ein naturlig del av påska.

- Dei første årene heldt vi til i ei campingvogn oppe på plassen her. Seinare fekk vi ei brakke. Det var campingplass her da, og eit voldsamt liv, minnast han.

Det er fleire "ringrever" i Nord-Fron Røde Kors, og som Rolf etter kvart har hatt mang ei påska saman med. Ein av dei er Hans Kamp, som kom inn i hjelpekorpset i 1993. Saman har dei mange minne om ulike oppdrag.

- Eit av de oppdraga eg hugsar best er da vi leitte etter nokre danske turister. Det var iskaldt, 38 kuldegrader over Vålåsjøen. Eg hugsar eg pussa av meg ein stor isklump som hadde frose fast på bringa mi, fortel Kamp.

- Eg hugsar vi leitte etter fire personar inni fjellet her, to svenske og to norske. Det må ha vore sist på 80-tallet, minnes Rolf, som eitt av sine oppdrag som han hugsar best.

- Det var så dårlig vær, mykje vind og kulde. Men vi fekk redda dei alle saman og fekk dei i sikkerheit, fortel han.

Rolf Randen (t.v) og Hans Kamp har vore kompanjongar i Røde Kors gjennom mange år. Foto: Tone Sidsel Sanden

Nye kjem til

Andre oppdrag som har vore dramatiske er da det gjekk ras i Valsfjell, og dei ikkje visste om det låg nokon under snømengdene. Dei har også vore med på flere leiteaksjonar i elva.

- Vi var dei første som hadde båt, så derfor vart vi ofte kalla ut på slike oppdrag. Når alarmen går, er det berre å kome seg åt så raskt som mogleg. Ein har faste rutinar og blir godt drilla etter kvart, slår Rolf fast.

Om det er fleire veteranar i hjelpekorpset, så kjem det også nye til. Fire ungdommar, tre godkjende for oppdrag, har fullført grunnutdanning denne vinteren.

Ei viktig inntektskjelde for hjelpekorpset er innsamling av tomgods. Panten i fjor ga 120 000 kroner i kassa. Foto: Tone Sidsel Sanden

- Fortener skryt

Leiar for Nord-Fron Røde Kors, Espen Sætha, begynte sjølv for tre år sidan.

Det er mykje læring i å vera med i Røde Kors. Eg sett veldig pris på å vere med, eg lærer noko nytt heile tida. Eg må seie at skuterkøyringa er noko av det er synest er mest spennande. Det er ikkje berre enkelt, seier Sætha, og dei andre nikkar. Det ligg mykje trening i å bli ein god skuterkøyrar, og ikkje minst er det viktig å kjenne fjell og terreng godt.

- Vi er glade for at vi har klart å rekrutere fleire unge inn i korpset. Det er viktig at vi klarer å få inn yngre krefter, seier Sætha.

- Det har gjort ein god jobb med akkurat det, seier fylkeleiar for hjelpekorpsa i Oppland, Rune Bjørkheim.

- Dei fortener skryt for det. Etter at korpset har vore litt nede i ein tyngre periode, har dei klart å få opp att ein god aktivitet med nye, aktive unge, seier han.

Godt samhald

I dag er 17 godkjende for søk- og redningsoppdrag, og til saman er det 28 hjelpekorps i heile fylket.

Og nå kan korpset som held til på Kvamsfjellet håpe på at dei får nye lokale. Det er planlagt eit bygg ikkje langt fra Årvillingen.

- På den måten blir vi mykje meir synlege for folk, seier Sætha.

Rolf Randen veit kvifor han har vore aktiv så lenge som han har.

- Det er så godt samhald. Vi har det sosialt og mykje morosamt saman. Og så er det det å kunne hjelpe når det trengs. Det betyr mykje, slår han fast.

Og kanskje ikkje så heilt overraskande: Alle dei tre vaksne ungane til Rolf er også aktivt med i Nord-Fron Røde Kors.

Tysdag hadde hjelpekorpset besøk frå politiet og frå AMK. F.v.: Rolf Randen, avdelingssjef for AMK Innlandet, Arne Stokke, stabsjef for Innlandet politidistrikt, Pål Erik Teigen, fylkesleder for Røde Kors Oppland, Rune Bjørkheim, Tom Henning Nyheim, Hans Kamp, Rune Randen og leder for Nord-Fron Røde Kors, Espen Sætha. Foto: Tone Sidsel Sanden
Tysdag hadde hjelpekorpset besøk frå politiet og frå AMK. F.v.: Rolf Randen, avdelingssjef for AMK Innlandet, Arne Stokke, stabsjef for Innlandet politidistrikt, Pål Erik Teigen, fylkesleder for Røde Kors Oppland, Rune Bjørkheim, Tom Henning Nyheim, Hans Kamp, Rune Randen og leder for Nord-Fron Røde Kors, Espen Sætha. Foto: Tone Sidsel Sanden