Bjørg Kalstad (90) har oppskrifta på å halde seg sprek, klar til journalisten, som er halvparten så gamal som ho sjølv.

Sidan 1995

Og halde på har dei gjort, mange av damene som møtes på Freskus i Fåvang kvar fredag. Siste fredagen før påske er ikkje noko unnatak.

Etter det vi skjønner, er det berre om ein har gyldig fråvær at det går an å hoppe over fredagstrimmen.

Det heile starta etter inspirasjon frå ei som hadde vore på Sofienberg, og Gerda Kristiansen (85) og Gudrun Moastuen (87) har vore med heile tida sidan.

Spleisar på kaffen

Det er Gudrun som styrer trimtimen i dag, ei oppgåve damene er to til å dele på.

– Det er godt å vera to, for da blir ein ikkje så bunden, om det er noko anna ein må på, seier ho.

Damene har med seg kopp i veska, for etter trimmen er det viktig med ein kaffe og litt å ete.

Laust og fast kjem opp, og sjølv om ikkje kaffen og rundstykka etterpå er like viktig som trimmen, går praten bra.

Frivillig arbeid

– Du må få med det at dei som har timen ikkje har noko for det, seier ei av damene.

– Like blakke da vi slutter som da vi starter, spøkjer Gudrun.

Det kostar heller ikkje noko å vera med.

– Her er det berre å møte opp, seier dei.

Treningssalen på Freskus er stilt til disposisjon gratis frå kommunen, men så er det også takknemlege brukarar av lokala; dei finn sågar fram støvsugaren, og ryddar bord og stoler.

– Det beste er at ein kjenner at det er godt for heile kroppen å få rørt seg, seier dei.

Strekk, bøy og tøy i takt med musikken. I treningssalen på Freskus sitter og står dei spreke damene som har møtst kvar veke i 23 år. Foto: Guro Vollen