Det fortel Sissel Brandstad, som er organisator for dugnaden på vegne av skiklubben.

– Vi møtar masse blide påsketuristar, som legg ut på både stutte og lange turar. Det er mange som brukar Skardbua som rasteplass, fortel ho til Dølen.

Påskefjellet: Skardbua, knutepunktet mellom Fagerhøy, Kvitfjell og Skei, er ein populær stopp i påska. Ringebu-Fåvang skiklubb held turgåarar med servering. Foto: Edel H. Bakken

– Triveleg å vera med

Og kafédrift på Skardbua, starta med Elias Hesthagen, som tok til med servering på 70-talet. Det er Nordre Stranden grunneigarlag og Søre Stranden utmarkslag som eig bua. På 80-talet kom Fåvang IL inn som frivillig hjelp, og Berit og Jon Krogsveen er to av dei som i mange år har stilt opp som serveringshjelp.

– Det har alltid vore triveleg å vera med på denne dugnaden. Opp gjennom åra har det variert med kor mange som har vore innom, men berre det å kunne la dei få som er ute i

styggvær få stikke innom å varme seg, er givande, fortel Berit. Etter nokre år med pause, gjorde dei «comeback» i Skardbua i år.

– Det var så triveleg å bli spurt, og vi hadde god hjelp av barnebarn og barn, seier ho.

Berit og Jon Krogsveen hadde god hjelp av barnebarna Astrid og Hedvig, og foreldrene Ann Kristin og Even Krogsveen. Foto: Privat

– Ei oppleving

For Ringebu-Fåvang Idrettslag er dugnaden i Skardbua ei viktig inntektskjelde.

– Dugnaden i Skardbua er årets beste, seier Brandstad.

– Vi dreg med familiane våre til ein fantastisk stad, det er berre ei oppleving i seg sjølv å ha vore der for ein dag. Med scooter om morgonen og på ski ned att. Og solrike dagar er veldig gode salsdagar, fortel ho. Pengane dei får inn, kjem skiklubben til gode, og går til skirenn, støtte til treningsopphald og andre aktivitetar.

– Det er sjølvsagt ikkje alle som synes det er stas å bruke ein dag i påskeferien på å stå i kiosk i Skardbua, men erfaringane er at når dei først har vore der, så vil dei gjerne stille opp att seinare også, seier Brandstad, som legg til at klubben også har andre dugnader i løpet av året.

– Godt organiserte dugnader skaper mykje glede blant store og små, slår ho fast.

Det var lang kø ved bua påskeaften. Foto: Privat